– Eg er ikkje typen som vil sette meg ned i ein gyngestol og bli der

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

For (meir eller mindre) 800.000 nordmenn er den nordnorske radiorøsta synonym med påske.

Quiz-programmet Påskelabyrinten har gått på NRK P1 sidan 1987.

Då han starta, var programleiar Viggo Valle 33 år gammal. Han har med andre ord hatt fleire år i livet med Påskelabyrinten enn ikkje.

– Ja, bortsett frå to år då programmet var borte frå eteren. Då var eg teknisk sjef i NRK i Trondheim. Så to påskar, i 1996 og 1997, då hadde eg ferie, seier Valle.

– Utanom det har eg heile mitt vaksne liv i NRK jobba i påska. Også då eg var programingeniør, som eg var før Påskelabyrinten.

Om nokre månadar blir programleiarprofilen 70 år. Då har han nådd alderen kor NRK-tilsette må gå av med pensjon.

Han har tatt patent på uttrykket «Kor ska vi reis hen?» og har quiz-oppdrag og konferansierjobbar linja opp.

Til hausten skal han reis:

– Til Karibien, på bryllupsreise, fortel Valle, som giftar seg til sommaren.

---

Viggo Egil Valle

  • 69 år
  • Frå Fredvang i Lofoten
  • Programleiar i NRK, kjent for Påskelabyrinten og Frokostradioen
  • Busett i Stjørdal
  • Går av med pensjon mot sommaren

---

HJELP: Sambuar Lillian, som blir kone Lillian i sommar, er sminkør og moralsk støtte før sending.

– Eg er ein romantikar

Det er langfredag ettermiddag, og Valle har nettopp hatt sin nest siste Påskelabyrinten, når Vårt Land får vere med på handsfree i bilen.

Først må vi oppklare eit mysterium.

– Du var akkurat på NRK-skjermen frå pasjonsgudstenesta i Hommelvik kirke. Men det var jo rett etter Påskelabyrinten. Korleis gjekk det opp?

– Gudstenesta blei spelt inn i starten av mars, seier han og humrar.

– Det tar litt lenger tid å flytte seg frå Påskelabyrinten-studio til Hommelvik kirke enn at eg hadde rekt det.

– Det gir meining. Korleis er det å vere i studio i desse dagar, og vite at dette er dine siste sendingar?

Eg er absolutt eit følelsesmenneske, så til dei grader. Og ein romantikar

—  Viggo Valle

– Eg har ikkje hatt så mykje tid til å dvele ved det vemodige. Eg trur kanskje det vil komme som ein ettertanke når eg er ferdig og skal ha litt ferie.

– Har du det i deg å vere vemodig eller nostalgisk? Eller ser du framover?

– Begge deler. Eg er absolutt eit følelsesmenneske, så til dei grader. Og ein romantikar.

– Samtidig er eg ein realist. Du kan bruke det gamle ordet til fotballtrenaren Nils Arne Eggen: Dei viktigaste kampane er dei som ikkje er spelt. Dei viktigaste programma er dei som ikkje er laga. Slik vil det vere heile livet.

– Kva kampar har du enno ikkje spelt, som du ser moglegheiter for i framtida?

– Først og fremst så ser eg framover til mitt eige bryllup i juli, som blir realisert etter 17 års sambuarskap.

– Dette blir eit merkeår: Min siste Påskelabyrint, eg blir pensjonist, eg blir 70 år, eitt av barnebarna mine skal konfirmerast – og vi skal gifte oss.

Barnebarn har laget påskepynten i studio

Tenker på labyrinten året rundt

– Den slagkrafta Påskelabyrinten har hatt gjennom 37 år, som eit av NRKs største radioprogram, korleis har du merka den?

– Mest ved at folk tar kontakt med meg og seier: Kor skal vi reis hen? Det har liksom blitt mitt varemerke.

– Gjenta det tilstrekkelig mange gonger i løpet av alle desse åra, så blir det eit munnhell over heile landet, seier Valle og ler.

– Men det er jo stas! Ikkje minst når tredje generasjon no tar kontakt – ungdommar som er begeistra for programmet – og som fortel at dei høyrer eller ser på. Det er kult.

– Påskelabyrinten er jo for mange eit program som er einsbetydande med påske. Kor ofte tenker du på Påskelabyrinten elles i året?

– Heile tida. Heile året. Det kjem eg nok til å gjere sjølv om eg sluttar å lage oppgåver til programmet. Men no slepp eg presset på desse 70 oppgåvene kvart år.

– Oppigjennom har eg laga mellom 2700 og 2800 oppgåver. Det er forsåvidt nok.

Det blir på mange måtar ein tradisjon å jobbe i påska

—  Viggo Valle

Fekk møte romfartshelt

– Sjølv om du ikkje har påskeferie, har du laga deg nokre påsketradisjonar likevel?

– Det blir på mange måtar ein tradisjon å jobbe i påska. Vegene inn til Trondheim er ganske tomme og det er ikkje så mange på jobb. Eg set pris på den rolege stemninga.

– Vi som er på jobb, vi blir på ein måte ein liten familie. Det er koseleg. Det er blant dei tinga eg kjem til å sakne – påskefellesskapet og påskestillheita.

– Har de nokon tradisjonar på jobb, då?

– Vi får eit gigantisk påskeegg av distriktsredaktøren vår. Det er hyggeleg.

– Ikkje feil.

– Nei, det er jo veldig godt å bli sett pris på.

– Kva er dei sterkaste minnene dine frå Påskelabyrinten oppigjennom?

– For ein romfartsinteressert som meg, så var det ei stor oppleving å møte fartøysjefen på Apollo 13.

– Då eg sjølv gjorde opptak med Nidarosdomens guttekor til to oppgåver, og dei sang melodien Jerusalem, som jo er ei salme. Det var fantastisk.

Klar for sending

Kanskje kommer Kongen?

– Ellers hadde eg jo med statsministeren på åpninga i år! Han har eit personleg forhold til programmet. Svigermora er fan av påskelabyrinten, og har på mange måtar oppdratt svigersonen sin til å høyre på. Det er stas.

– Det blir vel ikkje så mykje større enn det. Anna enn viss Kongen høyrer på. Veit du om han gjer det?

– Det veit eg ikkje, men det formodar eg. Korleis kunne han unngått det i 37 år?

– Då hadde han ikkje vore i særleg god kontakt med folkedjupet.

– Det er jo, såvidt eg kjenner til, vår kjære Konge. Så eg er ganske sikker på at han har høyrt Påskelabyrinten både ein og to gonger. Kanskje han har løyst oppgåver òg!

Eg er ein truande mann, det har eg aldri lagt skjul på

—  Viggo Valle

– Ta imot Guds rike som eit barn

– Langfredag var du tekstlesar i Hommelvik kirke, om Jesu liding. Pasjonsgudstenesta blei sendt på NRK. Kva er forholdet ditt til tru?

– Eg er ein truande mann, det har eg aldri lagt skjul på. Og eg har eit veldig godt forhold til folkekyrkja. Eg budde i Hommelvik i 23 år og har hatt mykje med kyrkja å gjere. Eg sat i soknerådet i to periodar.

– Eg hadde ei fast tradisjon då eg budde der, og Påskelabyrinten var ferdig påskeaftan, så gjekk eg alltid på første påskedagsgudsteneste der. Det er ei særleg fin oppleving.

– Det som er stasen, er jo nettopp første påskedag, som er ei jubelgudsteneste. Det viser jo musikken og salmevalget – alt den dagen. Å sitte i kyrkja og synge saman med kyrkjelyden, det synes eg er veldig godt.

– Påskebodskapen, kva har den å seie for deg?

– Eg har undrast over den. Eg har utfordra min gode venn, biskop emeritus Tor Singsaas, som eg har hatt program på P1+ saman med, om akkurat dei store spørsmåla. Korleis kan ein naturvitskapsmann som eg, som har gått på NTNU, tru på oppstoda? På jomfrufødsel og alt dette her?

– Og har vel saman med biskopen konkludert med at du må ta imot Guds rike som eit lite barn, som det heiter. Du må legge bort det du har lært om naturvitskap, og så må du tru.

Påskelabyrinten under sending

Ikkje ned i gyngestolen

– Og snart leiar du ditt aller siste Påskelabyrinten. Kva skal du bruke resten av påsken på?

– Slappe av, trur eg. Eg trur eg er ganske pumpa når siste sending er slutt. Men det hyggelege er at leiinga i NRK på Tyholt har invitert heile teamet på lunsj i tårnet i morgon. Det er stas.

– Blir du i NRK fram til du fyller 70 i sommar?

– Eg jobbar i P1+ ut mai, og så skal eg gjere nokre intervju til podkasten Mysterier fra Norge. Det blir det siste.

– På andre sida av sommarbryllupet, korleis ser kvardagen ut for deg då?

– Eg har fått mange førespurnadar om å vere konferansier, om underhaldning og ikke minst om quiz. Så eg har kalenderen min full.

– Og så skal vi på bryllupsreise i slutten av november til Karibien.

– Det høyrest ut som ein herleg timeplan du har framfor deg.

– Eg har mange ting å sjå fram til. Det viktigaste er å få vere saman med ho eg skal gifte meg med – og resten av familien. Eg har sju barnebarn som eg elskar å følge opp.

– Eg er ikkje typen som vil sette meg ned i ein gyngestol og bli der.