Funksjonsnedsett forfattar: – Eg føler meg ofte som eit økonomisk problem
LITTERATUR: – Verdigheita og menneskeverdet til funksjonshemma menneske i Noreg er trua, meiner debutant Mikkel Øyen. I boka «Idiotene» skriv han fram ei rekke erfaringar av å vere eit menneske med funksjonsnedsetting.
DEBUTANT: Mikkel Øyen bokdebuterer med prosasamlinga «Idiotene», der han skriv fram ei rekke erfaringar med å ha ein funksjonsnedsett kropp.
Erlend Berge
Inne på skulebiblioteket på Engebråten skole i Oslo er Mikkel Øyen i full sving. Elevane på skulen har framleis vinterferie, men den bibliotekansvarlege er på post. Med #happyhippie på genseren rullar han fritt mellom bokreolane. Rullestol har Øyen hatt sidan barndommen, han har cerebral parese. Dei mange erfaringane hans som ein fyr med funksjonsnedsetting har no funne vegen inn i den litterære bokdebuten hans, prosasamlinga Idiotene, som er ute i desse dagar.
– Eigentleg er det først no eg skriv om funksjonshemming, seier 45-åringen som i 15 år har drive litteraturarrangementet Splittet kjerne, eit gratistiltak som har miksa etablerte forfattarar og nye litterære stemmer.
– Eg har nok ønskt å unngå emnet. Det har vore for nært og sjølvfølgeleg på eit vis. Men no er eg blitt eldre og ikkje så opptatt av å vere kul. Eg merka at stoffet hadde ein nerve.
Bestill abonnement her
KJØP