Kultur

Tore Renberg: – Vi går ned i ein djup og problematisk dal etter Martin Luther

LITTERATUR: Tore Renberg har lese gamle, kristne skrifter og er nedslått over det «formørka» klimaet etter den lutherske reformasjonen. – Hovudstemmen i det luthersk-ortodokse regimet er driven av undergang, straff og tukt, seier han.

Tore Renberg har fordjupa seg i protestantiske skrifter frå 1600-talet. Forfattaren som i fjor kom ut med romanen Lungeflyteprøven, blei så interessert i den eine romanpersonen sin at han kjente behovet for å formidle meir av det han hadde lært om juristen Christian Thomasius og tida han levde i. I arbeidet med essayboka Aktivisten har Renberg dukka djupt i den religiøse debatten som prega 1600-talet og det tidlege 1700-talet.

– Det første som slo meg var kor formørkande den første tida etter reformasjonen var, seier Renberg.

– Det finst ei folkeleg forestelling om «den mørke mellomalderen», før det lysnar og lysnar fram mot vår tid. Det skjer ikkje. Eg vil hevde ganske bestemt at vi går ned i ein djup og problematisk dal etter Martin Luther.

Det første som slo meg var kor formørkande den første tida etter reformasjonen var

—  Tore Renberg

«Hardt bunde snøreliv»

Forfattaren peikar særleg på alt som har med sed og sømd, seksualitet og kropp å gjere. I tillegg tenker han på straffelovverket og straffepraksisen som kyrkja og verdslege styresmakter delte mellom seg. Han vil vere forsiktig med å henge den omtalte formørkinga direkte på Luther, men meiner at Luthers enorme vektlegging av familien – der det så å seie skulle reisast ei kyrkje i kvar heim – blei til eit «utruleg hardt bunde snøreliv».

– Det geistlege feltet klarer nesten ikkje å opne munnen utan å true, påkalle dommedag og omtale kroppslege synder. Luther kalla fornuften for «djevelens verste hore» og kjønnsdrifta for ei grov synd, så han må nok gå med på eit visst ansvar for den mørke tradisjonen som kjem etter han. Sjølv om ein kan spørje seg om han ville lika å sjå omfanget, seier Renberg.

– Du skriv i boka di at dei protestantiske tekstane på denne tida gav uttrykk for ein hemnande tankegang. Det står i ganske grell kontrast til Luthers vektlegging av nåden?

– Ja, kolossalt! Det skal samtidig seiast at eg har kjent på eit sterkt ubehag ved å demonisere prestestanden. Eg har verkeleg leita etter lys i det lutherske feltet på 1600-talet, men eg fann lite av det. Hovudstemmen i det luthersk-ortodokse regimet er driven av undergang, straff og tukt. Guds straffedom er hovudmelodien. Det finst sjølvsagt også andre røyster, ein kunne trekke fram salmediktaren Paul Gerhardt, som ofte har ei mykje mildare stemme.

I ei tid som er prega av krig, treng vi i dag ein fredselskande kultur både i politikken og åndslivet. Der har Christian Thomasius mykje å lære oss.

—  Tore Renberg

Bøddelen var Guds hand

I dette biletet føyer altså den nemnte straffepraksisen seg. Kyrkja tok naturleg del i dei offentlege avrettingane på torget, der skarprettaren – bøddelen – avliva dei dømte. Blant kjeldene Renberg har nytta seg av i arbeidet med boka si, er ei likpreike over ein av skarprettarane, som på dette viset fekk kyrkja si velsigning og blei gjort ære på.

– Dommaren og retten var Guds representant på jorda, mens rolla som Guds hand blei gitt til skarprettaren. Når han løfta sverdet, gjorde han det på vegner av Herren, fortel Renberg.

Renberg har stilt seg spørsmålet om også prestane sjølve var trua av denne kulturen, ettersom alle var innkapsla i det same systemet.

– Prestane var sjølve utsette for overvaking og måtte framstå like skarpe og strenge som systemet dei var satt til å forvalte – viss ikkje, stod dei sjølv i fare for represalier, seier Renberg.

Tatt utenfor VL-kontoret.
15.08.2023

– Ein modig fredsaktivist

Inn i dette dystre biletet, slik Renberg skildrar det, kjem juristen Christian Thomasius som eit lyspunkt. Thomasius er særleg kjent for sin kamp mot tortur og hekseprosessar, men har ifølgje Renberg ein paradoksal status i dag – han er både «gløymt og kanonisert». Det er skrive nokså lite om han, samtidig som han gjerne blir dradd fram som ein foregangsfigur for den tyske opplysningstida.

– I ei tid der det var farleg å tenke sjølvstendige tankar, vågar Thomasius å gjere nettopp dette. Det synest eg er spennande og imponerande. Han var ein svært utslagsgivande figur, seier Renberg.

Thomasius var ein djupt truande kristen, men stod samtidig opp mot den etablerte kyrkja og dei praksisane juristen meinte var forelda og streid mot den sunne fornuft. Det gjorde han ikkje utan risiko. Han risikerte å bli klaga både for ateisme og høgforræderi og å bli utsett for pengestraff, utstøyting frå kyrkjelyden og landsforvisning.

– Motet hans har fengsla meg sterkt. Han var ein fredsaktivist. Om tortur sa han blant anna at kyrkja måtte halde opp med «dette uheilage som de kallar det heilage». Han meinte at tortur var imot menneskenaturen og mot Gud. Han såg ein annan måte å vere kristen på, og til dette henta han stor inspirasjon frå den tidlege pietismen, fortel Renberg.

Står fram som ein moderne tenkar

Både pietismen og trettiårskrigen er eit viktig bakteppe for å forstå tida som Thomasius blei fødd inn. Då pietismen skaut fart under teologen Philip Jacob Spener rundt år 1670, var Thomasius ein ungdom på 15 år. Den omfattande vekkingsrørsla reduserte makta til dei geistlege og la større vekt på den direkte relasjonen til Gud.

– Det blei meir trusfridom, noko som var svært viktig for Thomasius. Også han forminska posisjonen til dei geistlege. Han var ein sterk motstandar av det tette bandet mellom kyrkja og staten.

– Han verka på mange måtar moderne og framsynt?

– Det har slått meg også. Mange av tankane hans kan vi oppleve som rotfesta i vår eiga tid. Det er fascinerande.

Thomasius skapte stor uro i det rådande segmentet i si samtid, særleg i Leipzig, som var protestantismen si høgborg på denne tida.

– Gjennom den skarpe pennen sin skapte han brudulje og sette ting i spel. Han var ekstremt polemisk og frykteleg syrleg. Og han likte å stå i striden, seier Renberg.

Christian Thomasius

– Marginalisert og nedvurdert

Sjølv om Thomasius blir nemnt som ein viktig føregangsmann for opplysningstida, er han likevel ikkje eit namn som er allment kjent.

– Han har vore marginalisert. Det er symptomatisk at det ikkje finst eit essay om han på norsk eingong – Aktivisten er det første. Min spekulasjon er at han er blitt nedvurdert i den filosofiske og idéhistoriske kanon nettopp på grunn av det aktivistiske. Han var tidleg ute med idear som seinare skulle bli sterkt knytt til 1700-talet.

Renberg meiner at historia om Christian Thomasius kan lære oss mykje også i vår tid.

– Ikkje minst det å ta vare på den sjølvstendige, kritiske tanken, som til ei kvar tid er trua. Personleg synest eg vi i dag lever i svært ufornuftige tider. Fleire stader i verda er det kjensler som styrer politikken. Det fornuftige og medmenneskelege blir sett til side. Det Christian Thomasius står for har ein sterk aktualitet.

Samtidig trur han Thomasius, som trudde på framskrittet, ville blitt skuffa om han hadde komme spaserande inn i vår tid.

– Han ville ha blitt sjokkert over korleis vi kan drive på. Vi har like barbariske statsleiarar i dag som på hans tid.

Meiner kyrkja kan lære av Thomasius

– Kan kyrkjelege miljø i Noreg lære noko av boka di?

– Eg ville synest det var flott viss geistlege og andre kyrkjerepresentantar las boka. Eg har jo sjølv eit gammalt og problematisk forhold til kyrkja, og det skuldast i stor grad smerta ved det kyrkja har stått for gjennom åra. Systemet er blitt brukt mot dei som kristendommen preikar omsorg for. Det finst ein enormt lang tradisjon for ei tuktande og streng kyrkje, seier Renberg.

– Samtidig går det jo også an, som Christian Thomasius, å vere truande og samtidig ta avstand frå maktutøving som ikkje er av det gode?

– Ja, det er det ingen som helst tvil om! På Thomasius’ tid var det rett nok farleg. Det er også eit paradoks at han skapte konflikt samtidig som han prøvde å dempe konflikt, ettersom han var så polariserande. Men eg synest absolutt at kyrkja har noko å lære av han.

Sjølv har Renberg hatt det han omtaler som eit nærmast «uendeleg» personleg utbytte av å jobbe med dette historiske stoffet. Der det religiøse 1600-talet i starten verka nokså ugjennomtrengeleg for han, er han no så godt som «heimevand» i denne epoken.

– I ei tid som er prega av krig, treng vi i dag ein fredselskande kultur både i politikken og åndslivet. Der har Christian Thomasius mykje å lære oss.

---

Tore Renberg

  • Norsk forfattar
  • Fødd 3. august 1972 i Stavanger
  • Debuterte med kortprosasamlinga Sovende floke (1995)
  • Har sidan gitt ut ei rekke kritikarroste og populære bøker, blant anna romanseriane om Jarle Klepp og om Hillevågsgjengen
  • Fekk Bokhandlerpriser for romanen Tollak til Ingeborg i 2020
  • Aktuell med essayet Aktivisten. Et essay om Christian Thomasius og hans tid (Oktober), som følgjer opp den historiske personen som spelte ei viktig rolle i fjorårsromanen Lungeflyteprøven.

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur