Kultur

Opnar porten til William Blakes religiøse univers

LITTERATUR: Geir Uthaug har formidla diktinga og biletkunsten til britiske William Blake i eit heilt liv. – Gjennom Blake kjem vi i kontakt med det evige, seier han.

William Blake høyrer med blant dei store diktarane i litteraturhistoria, samtidig som han heile livet var ein komplett outsider. På sett og vis er den britiske poeten og kunstmålaren framleis i utkanten av det litterære etablissementet. Dei som har fått auga opp for han, er derimot svært entusiastiske.

Ein av dei fremste formidlarane av Blake i Noreg er forfattaren og gjendiktaren Geir Uthaug, som blant anna står bak den store Blake-biografien Den kosmiske smie (2000). I desse dagar er han aktuell med ei nyutgiving av Uskyldens og Erfaringens sanger, som han omtaler som «den mest opne porten til Blakes verd».

– Kvifor er boka ein god inngangsport til William Blakes univers?

– Blake blir jo av somme rekna for å vere ganske utilgjengeleg. Han har si eiga verd, sitt eige panteon. Han skriv om gudar som symboliserer ulike sider ved mennesket, i bøker han sjølv omtalte som «profetiske». Psykoanalytikarane blei tidleg opptatt av han. Men i Uskyldens og Erfaringens sanger kjem han ut i eit kjent landskap. Dei er skrivne i ei enkel form, seier Uthaug.

blake Uskyldens og Erfaringens sanger

Dikt som kan lesast for barn

Han gir ut boka på eige forlag med alle originalbileta i fargetrykk. I versjonen som kom på Aschehoug i 1997, og som lenge har vore vanskeleg å få tak i, var berre ein firedel av bileta i fargar.

I Uskyldens og Erfaringens sanger skriv Blake om England, han skriv om solnedgangar, han skriv om dyr. Dikta er så tilgjengelege at dei kan lesast for barn. I stor grad er dei endåtil skrivne for barn, i ei tid ­– på slutten av 1700-talet – då dikt for barn begynte å bli ein vanleg sjanger. Mange engelske skulebarn kjenner til dømes til diktet «The Tyger» – «Tigeren».

– Det er kjente storleikar, sjølv om Blake fyller dei med eit eige innhald, meiner gjendiktaren.

Også diktet om tigeren rommar meir enn ein ved første augekast skulle tru: I tigeren ligg det erfaringskrefter som ikkje berre er positive, men ladd med energiar.

– Blake skaper ein himmel over barnet. Han meinte då også at barnet er Guds bilete i verda. Det representerer Guds lys på jorda, seier Uthaug.

Geir Uthaug croppet

Kristen utanfor det etablerte

Den religiøse livskjensla gjennomsyrer diktinga hos Blake, frå dei tilgjengelege barnedikta i Uskyldens og Erfaringens sanger til grandiose verk som Milton og Jerusalem. Dei valdsame bileta hans er i slekt med Johannes’ openberring i Bibelen, meiner Uthaug – dramatiske ting som skjer i himmel og på jord.

­– Korleis vil du skildre religiøsiteten hans?

– Blake var ein kristen, men han høyrde ikkje til i det etablerte kyrkjesamfunnet. Han var truleg innforstått med Emmanuel Swedenborg, ein person som meinte han hadde kontakt med «dei åndelege verder». Dette hevda også Blake. Men han var ein svært individuell person, og biletet hans av himmel og helvete var heilt annleis enn det moralske biletet vi kjenner til frå kyrkjehistoria. For Blake var dette krefter og energiar.

På same vis meinte den britiske diktaren at også uskulda og erfaringa er krefter som verkar i oss. Dei finst begge i oss, som eit resultat av syndefallet i Edens hage. Sjølv kalla han det for «dei motstridande tilstandane i menneskesinnet».

– Dette er ganske avanserte ting. Men samtidig kan ein altså lese dikta hans på ein heilt enkel måte, meiner Uthaug.

Cain Fleeing Abel
William Blake, 1826

Ein religiøs fritenkar

– I kva grad var dei religiøse forestellingane hans ein føresetnad for diktinga og biletkunsten?

– Dei var ein essensiell føresetnad. Det går eigentleg ikkje an å tenke seg Blake utan den religiøse bakgrunnen. Han hadde ei grunnhaldning om at menneska ber med seg himmel og helvete. Han er jo fritenkar, men han er fritenkar i religiøs forstand.

Blake er fritenkar, men han er fritenkar i religiøs forstand

—  Geir Uthaug

Uthaug meiner at religiøsiteten hans ikkje blei akseptert i dei vanlege kyrkjesamfunna på Blakes tid. Hadde han levd 150–200 år tidlegare, ville han truleg blitt brend på bålet som kjettar. Slik sett var han heldig med å leve i ei tid med revolusjonar og opplysing i brennpunktet.

– Inn mot vår tid er Blake blitt oppfatta nokså forskjellig av kristne. Somme har absolutt akseptert han, mens andre held han på armlengds avstand. Eit konkret bilete på aksepten er at det finst ei byste av han i Westminster Abbey, der han sjølv lærte seg å arbeide med kyrkjekunst. Ho står i det berømte hjørnet med alle dei andre poetane, men eit stykke unna. Og det passar Blake bra – han har alltid vore ein outsider, seier Uthaug.

– Hard pisk mot konvensjonell kristendom

Professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Agder, Charles Ivan Armstrong, fortel at Blake vaks opp i ein dissentarfamilie og var prega av dette.

– Blake hadde ein ganske hard pisk mot konvensjonell kristendom og gjekk sjølv utanfor allfarveg. Han hadde ein heimesnekra religiøsitet, seier Armstrong, med eit uttrykk frå T.S. Eliots karakteristikk av tankesettet til Blake.

– Blake tek ikkje frå den store tradisjonen, som til dømes Dante gjorde. Dermed blir han for uortodoks for Eliot. Men Blake meinte at han måtte skape eit system sjølv, i staden for å bli ein slave av eit system laga av andre – «I must create a system, instead of being enslaved by another man’s». Det er eit fantastisk sitat.

I denne tankegangen ser vi Blakes ideologikritikk av kyrkja på hans eiga tid. Ei viss revolusjonær innstilling finst her òg, påverka som den britiske poeten var av både den amerikanske og den franske revolusjonen.

blake

– Det essensielle i religiøsiteten hans er likevel det visjonære. Blake hadde sine eigne visjonar framfor å gjenfortelje dogme, seier Armstrong.

Litteraturprofessoren peikar på at Blake som person utstrålte uskuld, apropos Uskyldens og Erfaringens sanger, som han meiner er nokså sofistikerte dikt.

– Men dei er skrivne i ein klar kristen tradisjon. Vi les dei gjerne opp mot diktinga til John Bunyan (journ.anm. kjent for En pilegrims vandring) og salmediktaren Isaac Watts, som skreiv kristne dikt for barn. Blake tek over denne skrivemåten og gjer noko eige ut av det, seier han.

Såg kunsten som ein himmelport

Geir Uthaug meiner at Blake såg på diktinga og kunsten som ein port inn til himmelen. Han kunne like fullt vere svært kritisk til delar av kunsten, til dømes Rembrandt og Rubens, som han oppfatta som verdslege kunstnarar. Det var den åndelege kunsten som stod i høgsetet for Blake, og han sette kunstnarar som Michelangelo og Albrecht Dürer høgt. På same vis høgakta han den mellomalderske kyrkjekunsten.

– Denne kom Gud nærmast for Blake. Barokke kyrkjer, som St. Pauls-katedralen i London, vurderte han som verdslege, fortel Uthaug.

Blakes eigenarta tilnærming til det guddommelege går heilt attende til barndomen hans, då han hevda å ha sett Gud i vindauget og englar på ei grein i treet. Visjonane blei ikkje tatt godt imot av faren, som straffa han for dei. Derimot gav han Blake solid opplæring i dei bibelske forteljingane på heimeskulen.

Tatt av krafta i Blakes dikting

– Som vaksen hadde Blake eit nokså blanda rykte. Han var ikkje allment kjent, men var kjent i kunstkrinsar som ein dyktig koparstikkar. Mange åtvara likevel mot han og meinte at hadde rare idear. Då ein kjent journalist besøkte han for å finne ut om han faktisk var galen, konkluderte journalisten derimot med at Blake var den mest sinnsfriske personen han nokon gong hadde møtt, seier Uthaug.

– Blake var ikkje galen, men han hadde ei utruleg innsikt i den menneskelege psyken. Og han var ein sterk forkjempar for den kreative fantasien, i ei verd som var begynt å tru på fornuft og rasjonalitet.

Blake hadde sine eigne visjonar framfor å gjenfortelje dogme

—   Charles Ivan Armstrong

Uthaug blei tidleg tatt av krafta i Blakes dikting, som han etter kvart har brukt store delar av livet sitt på formidle til andre. Boka som han gir ut på nytt eit kvart hundreår etter den første versjonen er eit talande døme. På Lillehammer bibliotek 20. mars skal han også delta på ein konsert med tonesette Blake-dikt, komponerte av den britiske jazzmusikaren Mike Westbrook og framførte av Lillehammer Blake / Westbrook kvartett.

– Blake kalla dikta sine for songar, utan at vi i dag veit korleis melodiane hans var. Men han song diktinga si. Han song endåtil dikta sine på sitt eige dødsleie, seier Geir Uthaug, som meiner at Blakes dikting sprenger alle grensene for tid.

– Vi er i kontakt med noko evig når vi les William Blake.

---

William Blake (1757–1827)

  • Britisk poet og kunstmålar
  • Kjent for bøker som Ekteskapet mellom himmel og helvete (1790–1793), Milton (1804–1811) og Jerusalem (1804–1820)
  • Også kjent for illustrasjonane sine til bl.a. John Miltons Det tapte paradis og Dantes Den guddommelege komedie
  • Den norske forfattaren Geir Uthaug har i ei årrekke formidla William Blake på norsk. Han står bak Blake-biografien Den kosmiske smie (Aschehoug 2000) og fleire gjendiktingar av Blakes dikting
  • Uthaug er aktuell med ei nyutgiving av Uskyldens og Erfaringens sanger, som han gir ut på sitt eige Mirage forlag

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur