Historien bak mirakelet: Rykka opp med ånd, sjel og kropp

FOTBALL: Den kristne fotballklubben «Kåffa» rykkar opp til Eliteserien. – Verdiane som sit i veggane har vore heilt avgjerande, seier trenar Johannes Moesgaard.

Denne saka blei først publisert 27. oktober 2023. Mandag 2. desember 2024 ble Moesgaard kåret til årets trener i Eliteserien av Norsk Toppfotball og Tv 2.

Det er god stemning på Ekebergsletta. På treningsfeltet til KFUM-kameratene Oslo veit alle kva det står om. Dei treng nesten ikkje snakke om det ein gong: Allereie på søndag kan den kristne fotballklubben ha sikra opprykk til eliteserien. Like mogleg er det at spenninga held fram ei stund til. Kongsvinger pustar klubben i nakken mens tre rundar står att. Men det er Kåffa, som klubben blir kalla, som har los på andreplassen. På dei seinaste seks kampane har dei fem sigrar og ein uavgjort.

– Bra, gutta!

Trenar Johannes «Johs» Moesgaard verkar nøgd med økta i den kalde haustvinden. No stiltrar spelargruppa seg på knottar over fotgjengarfeltet. Etter kvar trening må dei krysse vegen for å komme til garderoben i KFUM-hallen. Fasilitetane i fotballklubben er ikkje heilt som hos dei fleste andre eliteserielag. Men også her skjer det ting. I november skal Oslo bystyre ta stilling til om Kåffa får bygge nytt stadion på Ekebergsletta, eit anlegg som har vore ønskt og planlagt i lang tid. Klubben går med andre ord spennande tider i møte.

Ekebergsletta, Oslo
25.10.2023

– Ein gutedraum

I garderoben går uansett livet sin vante gang. Litt tøysing, litt alvor, mykje latter og preg av overskot. Ein gjeng med spelarar i 20–25-årsalderen fyller benkane i hjørnet til høgre for dusjen.

– Er det nokon som er gira på å spele i eliteserien her?

Oh yes. Vi treng ikkje lure lenge på det. Både trenaren og spelarane er rett nok påpasselege med å ikkje ta opprykket på forskot. Framleis står det tre tøffe kampar att. Men motivasjonen er på topp og sjansen er der.

– Eliteserien er ein gutedraum, seier gjengen i garderoben.

Trenar Moesgaard uttrykker noko av det same. Han har tidlegare vore assistent både for Kjetil Rekdal og Ronny Deila i Vålerenga, men trenarjobben i Kåffa er den første som hovudtrenar. No kan det endåtil skje at Vålerenga rykker ned frå eliteserien, mens Moesgaard rykker opp med Kåffa i sin første sesong. Då blir den kristne fotballklubben i så fall det einaste Oslo-laget i toppdivisjonen.

– Alle som driv med idrett, ønsker å teste seg sjølv på det høgste nivået. Vi har det tøffaste programmet igjen, så vi tar ingen ting for gitt. Men vi kjenner på at vi har noko. Vi er ei frisk og offensiv gruppe, seier han.

Ekebergsletta, Oslo
25.10.2023

Frå botnen til toppen av tabellen

Snuoperasjonen frå sesongstarten har vore total: Då låg Kåffa desidert sist etter seks serierundar.

– Det var tøft. Ein ønsker jo å bevise noko. Men gruppa stod saman og viste meg tillit. Det var svært gledeleg, seier Moesgaard.

Fotballtrenarar som tapar fotballkampar lever farleg i våre dagar. Men Kåffa-trenaren kan i staden fortelje om eit klubbapparat som var like varmt i den tøffe perioden i starten av sesongen som no når dei snusar på opprykk. Ein klubb med tru på menneske, og på utvikling av menneske. Ein stad der du blir varetatt, under visjonen «En klubb for livet».

– Menneska i klubben skal få vise den beste utgåva av seg sjølv over tid. Dei verdiane som sit i veggane her har vore heilt avgjerande, seier han.

– Når ein har vore igjennom ein vanskeleg periode, blir ein også veldig samansveisa som gjeng. Det var litt «oss mot verda». Og då vi fekk den første sigeren, var vi gang.

Dei verdiane som sit i veggane her har vore heilt avgjerande.

—  Johannes «Johs» Moesgaard, Kåffa-trenar

Må klype seg i armen

I den samansveisa gjengen på Ekeberg er det mange menneske. Ein av nestorane er den 72-årige oppmannen Dag Magelssen, som har henta fotballar og fiksa utstyr sidan starten av 1990-talet.

– Den gongen hadde vi akkurat rykka ned i fjerdedivisjon. At vi i dag skulle kjempe om eliteserieplass, hadde eg ikkje sett for meg. Det er litt klype-seg-i-armen-kjensle, seier Magelssen.

Vi intervjuar Magelssen, som er utdanna diakon, inne på det såkalla Kapellet i KFUM-hallen. At Kåffa er ein kristen fotballklubb, har vore av sentral betydning for engasjementet hans – ved sida av den sterke fotballinteressa.

Sjølv står oppmannen bokført med éin omgang som spelar for klubben.

– Det blei med det. Eg var aldri nokon stor fotballspelar, humrar han.

Den korte fotballkarrieren står med andre ord i skarp kontrast til det nærmast livslange engasjementet hans i det frivillige støtteapparatet.

Ekebergsletta, Oslo
25.10.2023

Syng kristent bordvers før kamp

Ein av dei som er komne inn i klubben etter tusenårsskiftet, er leiaren for supporterklubben Profetene, Jon Morten «Bosse» Mosand. Som sjefprofet går han i bresjen for heiagjengen som alltid syng det kristne bordverset «Gledens herre» før Kåffa går i gang med å servere lekkerbiskenar på den grøne matta.

Undervegs i kampane ropar dei slagordet «Bibel, bønn og kirkekaffe» med stor iver og ein viss dose humor basert på den kristne profilen til klubben. Verdiplattforma inneber også at det er utelukka å lage banner av rotter og Judas-ar, eller rope at «etter matchen skal du døy», som nyleg skjedde i det høgtempererte lokaloppgjeret mellom Lillestrøm og Vålerenga.

– Vi ønsker ikkje å slenge dritkommentarar om motstandarane våre. Vi unner alle godt, også dei som går vidare frå Kåffa til andre klubbar. Vi er opptatt av å kose oss, og at folk skal smile og ha det gøy på fotballkamp, seier Bosse.

I supportergruppa synest dei det er stas at klubben no er oppe og «dansar» på så høgt nivå.

– Vi syng i kvar nye kamp at vi er på veg til Champions League. Det er den største draumen vår. Eliteserien er berre eit lite steg på vegen, seier Bosse med ein undertone av humor – men kanskje også ispedd eit snev av reelt håp?

Supportergruppa Profetene støttar KFUM-kameratene Oslo (Kåffa) i tjukt og tynt.

Open møtestad med kristen bodskap i botnen

Opprykk er likevel ikkje alfa og omega for den kristne fotballklubben, skal vi tru dagleg leiar Thor-Erik Stenberg.

– Vi er ikkje ein resultatstyrt klubb. Det er innhaldet i aktiviteten vår vi er opptatt av. Så kjem resultata som produkt av kva vi klarer å gjere i kvardagen, seier han.

– Samtidig skaper det engasjement når vi lykkast. Om vi rykker opp, synest vi sjølvsagt det er frykteleg morosamt.

Den daglege leiaren er tydeleg på at klubben har to bein, både eit «kyrkjebein» og eit «idrettsbein». I DNA-et til klubben er både den kristne verdiplattforma og breiddetenkinga viktig. Toppklubben Kåffa spring hundre prosent ut av breiddeklubben Kåffa. Klubben kjøper ikkje dyre spelarar, men snappar opp talent og utviklar dei til å bli endå betre. Også framover er det satsing på breidde som er suksessoppskrifta for klubben.

– Samtidig ser vi at fokuset vårt på mennesket i sentrum, gjer at vi tiltrekker oss kvalitet og kompetanse og at folk ønsker å vere her, seier Stenberg.

– Kor viktig er det at Kåffa er ein kristen fotballklubb?

– Det er heilt avgjerande. Innramminga med ånd, sjel og kropp er identiteten vår. Samtidig er vi ein open fotballklubb der vi ikkje set merkelappar på folk. Vi er ein møteplass for alle der den kristne bodskapen ligg i botnen.

Ekebergsletta, Oslo
25.10.2023

Ser raud tråd frå Bibelen til Fair Play

Den daglege leiaren meiner at Kåffa har ein av dei lågaste tersklane inn til Kyrkje-Noreg.

– Vi kan gi eit innblikk i og vere ein veg inn til at det finst eit kristent liv i kvardagen, som vi håper kan gjere somme interesserte i å gå vidare inn i ein kyrkjelyd. Det finst noko meir enn berre fotball. Det er vi tydelege på, seier Stenberg.

Nokre samanfall finst det rett nok:

– Du kan dra ein raud tråd frå Bibelen og fram til Fair play-regelverket til Noregs Fotballforbund.

Den kristne profilen til klubben viser seg i dag tydelegast i det diakonale arbeidet: å sjå menneske, vise nestekjærleik, praktisere tilgiving.

Blant tilboda til barna i klubben er elles både leirar på leirstaden Lunde og kapellmøter før jul og påske. I tillegg arrangerer Kåffa klubbkveldar under namnet Young Yes.

Løftar det kristne menneskeverdet

Blant dei som jobbar med dette, er akademi- og verdiarbeidarane Erik Jonvik og Marianne Sundsvalen Føyen, som begge er tidlegare spelarar i klubben.

– Verdiane ligg i botnen for alt vi gjer. Vi trur at mennesket er skapt av Gud og har ein unik verdi, og dette kjem også til syne i arbeidet vår, seier Jonvik.

Det same seier Sundsvalen Føyen, som fekk ni sesongar på A-laget inntil ho la opp i fjor. Ho nemner ikkje minst sommarleirane der den kristne bodskapen står på programmet også gjennom bibeltimar. Innimellom held ho også sjølv andaktar, som ho omtaler som ein viktig del av verdiarbeidet.

– Vi spelar oss sjølve gode ved å vere opne og transparente om kva slags verdiar vi har, seier Sundsvalen Føyen.

Marianne Sundsdalen Føyen er akademi- og verdiarbeidar i Kåffa.

Arnevåg fekk profetisk forbøn

Ein eigen kyrkjelyd er Kåffa derimot ikkje i dag, slik han i større grad var i tidlegare år, som under leiinga av klubblegenda Eivind Arnevåg.

– Eg var både dagleg leiar og ungdomspastor, seier Arnevåg når vi møter han på eit bakeri nokre hundre meter lenger nedi gata.

Den tidlegare superspissen er framleis tidenes toppscorar for Kåffa med sine 187 mål på 245 kampar. Sonen til Knut Arnevåg, ein av dei sentrale i å bygge opp klubben, fekk sjølv 36 år som dagleg leiar. Dei seinaste seks åra har han vore dagleg leiar i den kristne fornyingsrørsla Oase.

– Utan den kristne profilen ville ikkje Kåffa vore i posisjon til å rykke opp i eliteserien, meiner Arnevåg.

Han nemner særleg korleis klubben i mange år har utvikla unge leiarar, lært dei korleis ein møter barn og korleis ein behandlar kvarandre. Han trur tryggleiken som har prega klubben også har gitt grobotn for å utvikle toppspelarar.

– Eg er utruleg takknemleg for å ha jobba for ein klubb som har vektlagt både det åndelege, det sosiale og det sportslege. Å utvikle ånd, sjel og kropp … det er heile greia.

Eivind Arnevåg er toppscorar i Kåffa med 187 mål og var dagleg leiar i 36 år. – Hovudmotivasjonen min var å dele evangeliet, seier han.

Det var profetisk forbønn som fekk Arnevåg til å starte opp det kristne ungdomsarbeidet i klubben for mange år sidan, noko som skulle få stor betydning for svært mange ungdommar i den norske hovudstaden. Den walisiske forkynnaren Bruce Collins talte så direkte inn i Arnevågs liv at han forstod at det måtte vere av Gud:

– Han sa at eg skulle reise opp ein ungdomsgjeng og vere åndeleg far for dei. Då snudde heile hjartet mitt og eg svarte: «Ja, det skal eg», fortel Arnevåg.

– Det gjekk inn i stillinga mi i Kåffa. Det kom ungdommar frå heile byen dit på laurdagskveldar. På dei ti åra vi heldt på, var det mange som tok imot Jesus. Det var hovudmotivasjonen min då eg jobba i klubben å få dele evangeliet.

Utan den kristne profilen ville ikkje Kåffa vore i posisjon til å rykke opp i eliteserien

—  Eivind Arnevåg, tidlegare leiar

Hadde kristen appell før kamp

Tilbake i KFUM-hallen på Ekebergsletta lyser eit stort bilete av ein aldrande Øyvind Furuly mot oss frå veggen i kontorseksjonen, i duell mot ein av småtassane i klubben. Furuly er den siste attlevande spelaren frå den første startellevaren til Kåffa i 1946. Han fylte nyleg hundre år.

I starten kom spelarane i klubben frå kristne miljø som Metodistkirken, Misjonssambandet og Frelsesarmeen.

– Det kristne fellesskapet og det sosiale aspektet var viktig for oss. Vi hadde samling før trening, klubbkveld ein gong i månaden og ofte ein appell før vi gjekk ut på bana, sa Øyvind Furuly til klubbmagasinet for nokre år sidan.

Ekebergsletta, Oslo
25.10.2023

Den langt yngre Halvor Haugen Byfuglien, son til tidlegare preses i Den norske kyrkja, Helga Haugland Byfuglien, begynte å pendle inn til Kåffa frå Ås som 16-åring på starten av 1990-talet.

– Det var hyppigare andakter knytt til treningar og kampar om vi går nokre tiår tilbake frå mi tid. Men Kåffa har endra seg frå å vere ein klubb der kristne foreldre sende barna sine til å bli ein sterk bydelsklubb, seier Byfuglien, som gjennom åra har hatt mange ulike roller i klubben som spelar, trenar og leiar.

Han trur likevel at mange også i dag kjenner sterkt på at Kåffa er ein «heim» utover berre å vere ein fotballklubb. Kanskje ein kan snakke om «familiekjensle», sjølv om klubben dei seinare åra har vore i vekst og mange nye stadig kjem inn.

– Det er nok somme i klubben som er meir opptatt enn andre av å bevare den kristne profilen. Men eg er veldig stolt av det breie verdiarbeidet vi driv blant unge i dag, seier Byfuglien.

Først og fremst fotballklubb

For kapteinen på A-laget, Robin Rasch, er ikkje den kristne profilen av sentral betydning for at han spelar i klubben.

– For meg er klubbkjensla sterk, for eg har vore her sidan 2016. Men som fotballspelarar tenker vi ikkje så mykje på den kristne profilen. For meg er Kåffa ein fotballklubb og ikkje noko som har med religion å gjere, seier Rasch.

Slik er det truleg også for fleire etter kvart som Kåffa har tatt nye steg mot elitenivået i Noreg. Samtidig peikar trenar Moesgaard på at verdiane i klubben også pregar spelarane, jamfør «En klubb for livet»-visjonen.

– Når ein først har vore her, og blitt godt tatt vare på, er det noko som ikkje slepp tak i deg. Du lærer korleis du er ein positiv bidragsytar i eit miljø, seier Moesgaard.


Ekebergsletta, Oslo
25.10.2023

I KFUM-hallen møter vi den gamle storspelaren Daniel Fredheim Holm, som no er sportssjef i klubben og sentral i å rekruttere nye talent. Mange av Kåffa-talenta har gjennom tidene gått vidare til andre klubbar, til dømes den gamle forsvarskjempa Henning Berg, som gjekk frå Kåffa via eliteserien til Premier League i England. Klubben er framleis ein «seljande klubb» – ein klubb som utviklar toppspelarar og sei dei vidare til større klubbar. Samtidig er det også fleire som i dag blir verande eller kjem attende til klubben. Eit opptrykk til eliteserien vil nok også understreke det som allereie verkar klart for mange, at Kåffa ikkje berre er eit springbrett, men ein stad både for å utvikle seg og for å spele toppfotball.

– Anten kan ein få spele eliteseriefotball ved å gå vidare til ein annan klubb, eller så kan ein gjere det saman og rykke opp. Det er ein vinn-vinn-situasjon frå vår side. Men det er viktig å få inn spelarar som er svoltne, seier Fredheim Holm.

Kan skrive historie med opptrykk

Engasjementet i klubben er stort, både blant spelarar og leiarar, frivillige og tilsette. Om det også blir himmelsk «opprykkingsstemning» i helga, får vere opp til resultata på fotballbanen.

Sundsvalen Føyen har sjølv vore med på å rykke opp ein divisjon med kvinnelaget. Ho meiner at det er betre enn nokon gong å vere kvinneleg fotballspelar i Kåffa. Det er ikkje til hinder for at både gutar og jenter no er veldig spente på sesongavslutninga til herrelaget.

– Vi gler oss veldig til å sjå utfallet. Det er på ein måte som å vente på julaftan, seier ho.

– Klubben kan skrive historie, noko som ville ha vore utruleg gøy.

---

Kåffa

  • Kristen fotballklubb med base i KFUM-hallen på Ekebergsletta i Oslo
  • Kåffa er eit mykje brukt kallenamn på klubben som eigentleg heiter KFUM-kameratene Oslo
  • Med to rundar igjen av OBOS-ligaen ligg Kåffa på andreplass, fem poeng over Kongsvinger på tredje. Dersom Kåffa vinn ein kamp til eller Kongsvinger avgir poeng, går andreplassen til laget frå Oslo
  • Andreplass ved serieslutt gir direkte opprykk til eliteserien
  • I helga vann Kåffa 0-3 borte mot Sogndal. Kongsvinger vann 4-0 heime mot Sandnes Ulf.
  • Ved eit eventuelt opprykk for Kåffa er det første gongen ein kristen fotballklubb er med i den norske eliteserien

---

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kultur