Kultur

– Gullalder for norsk dokumentarfilm

FILM: Med Margreth Olins «Fedrelandet» er Norges offisielle Oscar-kandidat for første gong ein dokumentarfilm. Valet speglar det høge nivået i sjangeren, meiner ekspertar.

– Det er ei stor ære å få vere den første dokumentarfilmen til å representere Noreg i kategorien beste internasjonale film. Det er historisk, seier Margreth Olin.

Den norske Oscar-komiteen meiner at Olins dokumentar Fedrelandet har ein sjanse til å hevde seg i det sterke landskapet av kvalitetsfilmar frå heile verda. Fedrelandet krinsar rundt Olins far, Jørgen Mykløen, og heimstaden hans i Oldedalen i Nordfjord. Dokumentarfilmen byr både på eksistensiell refleksjon og mektige naturskildringar.

– Eg er glad på vegne av heile det kunstnariske laget som har arbeidd med filmen, og på vegne av far min, seier Olin om det norske Oscar-kandidaturet – vel vitande om at det ligg mykje arbeid framfor henne for at filmen faktisk skal bli nominert til ein Oscar.

Thor Heyerdahls svensk-norske dokumentarfilm Kon-Tiki vann Oscar for beste dokumentarfilm i 1952. Sidan er det blitt smått med gylne statuettar for Noregs del. Berre Torill Kove har vunne ein Oscar for den norsk-kanadiske animerte kortfilmen Den danske dikteren i 2007. Noreg har elles hatt seks nominerte spelefilmar: Verdens verste menneske (2022), spelefilmen Kon-Tiki (2013), Elling (2001), Søndagsengler (1996), Veiviseren (1987) og Ni liv (1957). I tillegg blei Do not Split nominert i kategorien kort-dokumentar i 2021, og kortfilmen Nattrikken i kategorien Best Live Action Short i fjor.

– Enorm betydning

At Noregs offisielle Oscar-kandidat for første gong er ein dokumentarfilm, har betydning for heile den norske dokumentarfilmbransjen, meiner sentrale aktørar Vårt Land har snakka med. Ein av dei er festivalsjef Paul René Roestad, som denne veka viser både Fedrelandet og rundt 70 andre dokumentarfilmar på dokumentarfilmfestivalen Nordic/Docs i Fredrikstad. Blant desse er til dømes Aslaug Holms Blokka, Ane Hjort Guttus Voice og Jon Haukelands Krigere.

– Det har enorm betydning at ein dokumentarfilm er blitt Noregs Oscar-kandidat, både for statusen til dokumentarfilm generelt og for interessa blant unge. Norsk dokumentarfilm har i mange år lidd under at spelefilmar har fått mykje meir merksemd, noko som påverkar både rekruttering og finansiering. Samtidig har norske dokumentarfilmar ei svært fin utvikling og vinn stadig oftare viktige prisar i utlandet, seier Roestad.

Festivalen Nordic/Docs blei starta for litt over ti år sidan for å stimulere interessa for dokumentarfilm hos eit norsk publikum. På desse ti åra er det ifølgje Roestad blitt både fleire norske dokumentarfilmskaparar og fleire visningsplattformer.

– Vi er i starten av ein gullalder for norsk dokumentarfilm. Filmskaparar som Margreth Olin og Aslaug Holm har gitt dokumentarfilmen ei oppblomstring og løfta merksemda kring sjangeren, meiner Roestad.

Holm har mellom anna vunne den viktige HotDocs-prisen på filmfestivalen i Toronto med dokumentaren Brødre (2015).

Vi er i starten av ein gullalder for norsk dokumentarfilm

—  Paul René Roestad, festivalsjef for Nordic/Docs

– Sterk kreativ utvikling

Ketil Magnussen er festivalsjef for Human internasjonale dokumentarfilmfestival og leiar for Oslo Dokumentarkino. Han ser på den norske Oscar-komiteens val av Fedrelandet som ei svært fortent anerkjenning av Margreth Olins arbeid.

– Det er veldig bra, og høgst på tide. Norske dokumentarfilmar har hatt ei sterk kreativ utvikling dei seinaste tiåra, utan at statusen har auka like mykje. Ute i verda ser vi likevel at breidda av norske dokumentarfilmar gjer større suksess enn fiksjonsfilmane, seier Magnussen.

Han meiner at den norske gullalderen for dokumentarfilm har vore i gang nokre år allereie, der filmar som nemnde Aslaug Holms Brødre, Benjamin Rees Kunstneren og tyven og Zaradasht Ahmeds Nowhere to hide har fått viktige internasjonale prisar. Margreth Olin, som har laga ei rekke profilerte dokumentarfilmar sidan debuten på midten av 1990-talet, er ein sentral del av dette biletet.

– Det har ikkje blitt enklare å finansiere filmar i Noreg, så eigentleg er det ganske fantastisk at vi har det mangfaldet av dokumentarfilmar som vi har, meiner Magnussen.

Norske dokumentarfilmar har hatt ei sterk kreativ utvikling dei seinaste tiåra

—  Ketil Magnussen, leiar av Oslo Dokumentarkino

Meiner at det trengst ei større satsing

Magnussen meiner at norske produksjonsmiljø og investorar bør satse endå meir på dokumentarfilmen framover, som trass gullalderen er under press.

– Filmane kjem ut i verda og gjer det bra. Å investere i norske dokumentarfilmar er både å investere i filmkunsten og i noko som vi får veldig mykje igjen for, seier han.

Han peikar samtidig på dei vanskelege vilkåra for filmformidling, etter tjue års erfaring med å sette opp dokumentarfilm i den norske hovudstaden. For å få det til å gå rundt, må han jobbe langt meir enn normerte arbeidsdagar. Nyleg gjekk han som ein av fleire festivalsjefar inn i den nyoppretta nettverksorganisasjonen Norske filmfestivaler, som blant anna skal jobbe opp mot politikarane i Noreg.

– Filmformidlinga vi som festivalar gjer, er enormt viktig for å oppretthalde breidda i tilbodet og skape ein marknad for filmkunsten. Vi treng fleire filmar enn superheltane i Marvel, meiner Magnussen.

Ketil Magnussen, festivalsjef for Human internasjonale dokumentarfilmfestival og leiar av Oslo Dokumentarkino

Oscar-kandidatur set dokumentarfilm på kartet

Toril Simonsen er lanseringskonsulent hos Norsk filminstitutt og har i mange år arbeidd for å sende norske dokumentarfilmar til utlandet. Ho svarer eit «ubetinga ja» på spørsmålet om Oscar-kandidaturet til Margreth Olins Fedrelandet har ein betydning for den norske dokumentarfilmbransjen.

– Det løftar kunnskapen om norsk dokumentarfilm og set han på kartet, seier ho.

Ho meiner også at vi er inne i ein gullalder for norske dokumentarfilmar, som blant anna viser seg i interesse frå festivalar og distributørar frå ulike delar av verda.

– Det er ei takknemleg oppgåve å jobbe med norske dokumentarfilmar i utlandet, for det er stor interesse for filmane, seier Simonsen.

Ho meiner at den norske dokumentarfilmbransjen har heva seg mykje dei seinare åra og blant anna blitt flinkare til å hente inn pengar internasjonalt gjennom samproduksjonar. Interessa frå dei store internasjonale salsagentane er også blitt større.

– Trass i at det er mindre pengar i omløp, er konklusjonen at norsk dokumentarfilm gjer det bra, seier Simonsen.

Fleire land jamstiller filmar

Fedrelandet er etter få veker sett av over 50.000 i Noreg, noko som allereie gjer filmen til ein av dei mest sette norske dokumentarane gjennom tidene. På toppen tronar framleis Knut Erik Jensens Heftig og begeistret (2001), om mannskoret i Berlevåg, som er sett av rundt ein halv million nordmenn. Margreth Olins Mannen fra Snåsa (2016) blei sett av nesten 170.000.

– Vi er inne i ein gullalder for dokumentarfilmen både i Noreg og internasjonalt. Fleire land jamstiller no fiksjonsfilm og dokumentarfilm og sender den beste filmen som kandidat til Oscar, og det er noko nytt. Då eg byrja i bransjen for snart tretti år sidan var det kontroversielt å sette opp dokumentarfilmar på kino, seier Olin.

I dag er Noreg mykje betre stilt enn til dømes nabolanda våre når det kjem til publikumstilstrøyming på dokumentarfilm på kino. Olin er glad for at fleire i dag vågar å satse på dokumentarfilmar, og at produksjonsbudsjetta aukar – sjølv om dei må auke meir. Utan dei gode strukturane og eit filminstitutt som støttar opp om norsk film, ville det vore umogleg, meiner ho.

I Margreth Olins dokumentarfilm «Fedrelandet» møter vi det vesle mennesket i samspel med den mektige naturen i Oldedalen i Nordfjord.

Djup relasjon til naturen

– Du må seie litt om den nye filmen din til slutt. Kva ønsker du med Fedrelandet?

– Filmen skal minne oss på den djupe relasjonen vi har til naturen. Økologi kjem av ordet «oikos» og tyder heim. Naturen er heimen vår. I Oldedalen har dei alltid måtta leve i tett samspel med den mektige naturen og avlese teikna frå han. Det skapar ei audmjuke som vi i dag manglar som storsamfunn.

– Det finst også ein religiøs tråd her?

– Ja. Bestefaren til pappa starta eit kristent stemne i Oldeskaret og planta den store grana som framleis står i dalen. Filmen fortel om slike enkeltmenneske i slektshistoria. Samtidig finst det ein overbygning med ein dimensjon der vi møter det mektige. Eg likar å tenkje på det som at naturen er ei opning inn, seier Olin.

– Kva som er heilagt for oss varierer. For ein truande kan det vere ei opning inn til Gud.

---

Margreth Olin

  • Norsk filmskapar (f. 1970) som har gitt ut ei rekke dokumentarfilmar sidan debuten I kjærleikens hus (1995). Blant dei mange titlane finn vi Dei mjuke hendene (1998), Kroppen min (2002), Ungdommens råskap (2004), Mannen fra Snåsa (2016) og Selvportrett (2020).
  • Olin er aktuell med dokumentarfilmen Fedrelandet, som nyleg blei vald til Noregs offisielle Oscar-kandidat i kategoriane beste internasjonale film og beste dokumentar.
  • Fedrelandet, som handlar om Olins far, Jørgen Mykløen, og heimstaden hans i Oldedalen i Nordfjord, er etter få veker sett av over 50.000 på kino. Publikumstalet er det meste for ein dokumentarfilm på kino på fem år.

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur