Kultur

Dedikert til diktarkunsten

LITTERATUR: Meir enn 50 år sidan debuten, skriv Erling Kittelsen framleis dikt. Det gjer han i trassig tru på at det finst noko som er viktigare enn pengar.

Rik er poeten ikkje blitt. For nokre månader sidan blei Erling Kittelsen tvungen til å flytte ut av arbeidsstaden sin i Oslo sentrum på grunn av eit stort hopp i leigeprisen. Men dikte gjer 77-åringen framleis, både åleine og saman med andre. I fjor gjendikta han gammal ukrainsk poesi i boka Dråpen som gjør livstreet grønt og endå eldre sumerisk poesi i Reisen til landet der borte, i samarbeid med høvesvis Nazarii Nazar og Jens Braarvig.

No er han ute med eigen lyrikk for første gong på tretten år, med tittelen Samling. Dedikerte dikt. Her gjer diktaren forsøk på å finne ei retning for vår eiga tid. Kvart dikt har ein dedikasjon i starten, ikkje til namngjevne personar, men til folk som «ei jente på havkanten», «en troende» og «den som la den første steinen».

– Dikta er tileigna menneske i ulike situasjonar, hendingar og erfaringar. Det er samling i dobbelt forstand, for det handlar for menneska om å samle seg her på kloden. Finne fram til samlande tenkemåtar, seier Kittelsen.

Motsett finst det mange tankemåtar som splittar. Når det handlar om å vere «best», til dømes, eller polarisering som ikkje fører til eit større rom og dialog.

– Dei ulike kulturane har ulike ting som hindrar dei i nå eit større rom. Hos oss er det økonomien som er hinderet – økonomitenkinga som forlangar å vere basis, seier poeten.

Dialog i høgsetet

I eit halvt hundreår har han skrive i trassig tru på at det finst noko viktigare enn pengar. Nettopp dialogen med andre kulturar har stått i høgsetet. Kittelsen har reist verda rundt med dikta sine og fått tildelt ei rekke medaljar og prisar både i Afrika og Asia. Om ein skulle trekke fram norske forfattarar som dei seinaste femti åra har vore med på å skape eit større rom, er Kittelsen eit av dei mest nærliggande namna.

– Det har nok vore ei drivkraft. Vi har ein del av oss i pant hos andre. For å finne oss sjølve, treng vi andre til å vekke oss. Det er fort gjort å gløyme oss sjølve i ein lukka kultur, seier han.

Kittelsen trur at eit element av tvang kan vere nødvendig for å få samtalen i gang. At begge partar skjønar at dei har alt å vinne på å vere i dialog.

– Dersom verda går under viss du ikkje lyttar, er det bra. Då blir partane tvungne til å lytte til kvarandre, spissformulerer han.

Samtalar mellom to partar kan heller ikkje alltid bygge på balanse. Balanse er noko skjørt, og noko som slett ikkje alltid er til stades. Kittelsen tar i staden til orde for at ein må bygge på skeivskapane, i den forstand at ein må anerkjenne situasjonen slik han er og likevel klare å gi kvarandre noko.

– Forstår politikarar og statsleiarar slike ting?

– Nei. Dei gjer jo ikkje det. Det er vel difor eg prøvar å dikte. Å gi eit språk som kan fylle tomrommet.

---

Erling Kittelsen

  • Norsk forfattar
  • 77 år
  • Debuterte med diktsamlinga Ville fugler i 1970
  • Har sidan gitt ut over femti bøker på like mange år, mest dikt og fablar
  • Aktuell med diktsamlinga Samling. Dedikerte dikt (Aschehoug)

---

Erling Kittelsen

Mange religiøse innslag

Når vi snakkar om Kittelsens dikting, er det også verdt å nemne dei religiøse innslaga hans. Denne er i høg grad til stades, ofte i form av religionsdialog.

I den nye diktsamlinga har poeten eit dikt der Gud sjølv uttaler seg. I eit anna går han i rette med bokstavtru fundamentalisme. I eit tredje, eit politisk dikt, ropar han ut til «Herren, vår Gud», mens han i diktet «(til alle bibelske folk)» talar for fred og sameksistens i Israel og Palestina. Dikta «(til Gamle Aker kirke og Midgardsormen)» og «(til en fabelfigur på domkirke-hjørnet)» blei først skrivne til Påske og pasjon i regi av Oslo bispedømme.

– Eg skriv mykje om tru, eg gjer nok det. Eg har ei førestilling av evangeliet og kjærleiken. Men eg rører meg ofte i allegorien. For meg er også Bibelen metaforisk og allegorisk. Dette gjer nok at eg har skilt lag frå å kunne kalle meg kristen, men samtidig opnar eg for den bibelske bodskapen, seier Kittelsen.

– Er du ikkje berre litt ulydig mot dei religiøse autoritetane, omtrent som Jesus?

– Jo, ein lar seg smitte av det ein trur på.

Dersom verda går under viss du ikkje lyttar, er det bra. Då blir partane tvungne til å lytte til kvarandre

—  Erling Kittelsen

Forvekslar breidde og katedral

Kittelsen meiner at mange i dag forvekslar breidde og katedral, slik at katedralen brått kan likne på husmannsbruk.

– Ein katedral er ikkje på sal, men er ein stad mange går til. Han er folkeleg. I dag ser vi likevel ein tendens til at katedral-omgrepet blir klistra til kva som helst. Økonomitenkinga har overtatt grunnen, seier han.

At katedralen er folkeleg, er noko som ofte blir underslått i ein kultur der børsen fort blir rekna som staden der både menneska og pengane er. Overført til skjønnlitteraturen, ser ein gjerne for seg eit segment for børs – bestseljarane og underhaldningsromanane – og eit segment for katedral, bøker med høg litterær kvalitet og lågt kommersielt potensial.

Utrykket «børs og katedral», som Gyldendal-direktør Harald Grieg i sin tur skal ha plukka opp frå den skotske forfattaren Thomas Carlyle, har i lang tid karakterisert både forlagsdrift så vel som den samla norske bokheimen: Det finst nokre bøker som skaffar pengane, og andre bøker som løfter ånda.

Opplever nedtrapping av formidling

Kittelsen høyrer også i så måte heime i katedralen. Få ville kalle han for ein kommersiell forfattar.

– Oppfattar du at den typen litteraturen du skriv, er trua på noko vis?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Det kan bli så lite formidling at ingen veit om at bøkene finst. Eg har opplevd å gå ein heil haust med ny bok, og ingen – ingen! ­– visste om at ho fanst. Det er nokså interessant, seier Kittelsen.

– Men det eg står for, er til sjuande og sist ikkje trua, for det lever i mennesket.

Dikt og fablar i samtale med all verdas poesi. Eit kunstnarskap på godt over femti år. Slik kan det bli når ein er tilstrekkeleg dedikert.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Kultur