Kultur

Flyktningroman på heilag grunn

LITTERATUR: I romanen «Chiquitita» brukar Pedro Carmona-Alvarez erfaringane sine som politisk flyktning frå Chile til Noreg. Og denne gongen skriv han «rett på» Gud.

Romanen Chiquitita spring ut av eit møte med Jesus på krossen. I ei sentral scene går hovudpersonen Marisol inn i ei kyrkje og ser Jesus hengande. Den gjennombora og gjennomhola Kristus blir eit bilete på ulike typar gjennomholing i eit land som rasar saman i valdeleg maktutøving.

– Marisols historie er openbert nært mi eiga. Eg har alltid tenkt at eg ein eller annan gong skulle fortelje denne historia, men eg har ikkje funne noka form på det før no, seier forfattaren, Pedro Carmona-Alvarez.

Han og familien kom til Noreg som politiske flyktningar på starten av 1980-talet. Denne erfaringa brukar han aktivt i forteljinga om Marisol, som er kalla opp etter sola og jomfru Maria.

Romanen bygger vidare på ein tekst forfattaren har hatt liggande i mange år, om ein gut og ei jente som går gjennom skogen mens guten spør henne om livet hennar.

– Det handlar om å bli spurt om noko som kanskje ikkje er så lett å svare på, seier han.

Forfattarkollegaen Mazdak Shafieian skreiv historia si som politisk flyktning frå Iran til Noreg i romanen Skinnende døde, som kom ut i fjor. I boka kallar Shafieian skriveprosessen for «erindringsarbeid».

– Har dette vore tilfelle også for deg, sjølv om du gir forteljinga ei fiktiv ramme?

– Absolutt! Det er mykje i romanen som er minnearbeid, både for meg som forfattar og for Marisol som romanperson. Samtidig er det verken meir eller mindre av meg i denne boka enn i dei andre bøkene mine; det er berre andre avtrykk, seier Carmona-Alvarez.

50 år sidan kuppet i Chile

I september er det 50 år sidan statskuppet i Chile, då Augusto Pinochet og militærjuntaen tok makta frå den demokratisk valde presidenten Salvador Allende og innleia eit nesten tjue år langt militærdiktatur med harde politiske forfølgingar av den politiske venstresida. Fleire titals tusen menneske blei arresterte, meir enn 3000 blei myrda.

– Eg var berre litt over eitt år i 1973. Kuppet har prega heile livet mitt. Samtidig skriv eg med få historiske namn og tidfestingar i romanen. Eg ville ikkje legge heile den historiske tyngda over Marisols forteljing og hukommelse, seier Carmona-Alvarez.

– I kva grad har bakgrunnen din som flyktning vore noko du har identifisert deg med gjennom livet?

– Denne boka er nok eit ledd i rekalibreringa av blikket på meg sjølv. Då eg nettopp var kommen til Noreg, kjente eg mykje på at eg var flyktning. Eg måtte vere ein slags forvaltar av eksilet, kuppet og trauma. Ein barnerepresentant for flyktningane. Men etter kvart som eg lærte meg norsk og blei «ein vanleg gut», forsvann desse tinga frå mi norske verd. Det var noko vi snakka lite om.

Flyktningbakgrunnen blei meir privat, noko som høyrde til den heimlege sfæren. Slik var det i stor grad fram til 2015 og den store flyktningkrisa.

– Då kjente eg på behovet for å seie til meg sjølv og andre at eg òg er ein flyktning. Slik kan også ein flyktning sjå ut: vere forfattar, musikar og tene sine eigne pengar. I motsetnad til den stygge retorikken om horden som fløymer innover landet og berre skal ha.

Eg måtte vere ein slags forvaltar av eksilet, kuppet og trauma. Ein barnerepresentant for flyktningane.

—  Pedro Carmona-Alvarez

Brutale synsinntrykk

Korleis kan ein fortelje til andre om brutale synsinntrykk som død og skamfaring? Det var eit viktig spørsmål for Carmona-Alvarez. I Chiquitita skriv han difor ikkje om alle samfunnsområde som blei påverka av statskuppet, men konsentrerer seg om språket til hovudpersonen Marisol – og vanskane med å få eit språk for det ho har opplevd.

– Det er mykje uvisse her. Kven har ho vore? Kvar kjem alle bileta frå? Men samtidig er det også mange skarpstilte syn, særleg i den valdelege delen av boka. Boka lener seg mykje mot synet, visjonen – det å sjå. At ein ser på noko heilt til det begynner å språkleggjere seg sjølv, seier forfattaren.

Knytt til dette lar han hovudpersonen sjå på minna sine frå fleire posisjonar, både den vaksne kvinna og den vesle jenta. Romantittelen Chiquitita, som mange kanskje vil assosiere med hitlåten til ABBA, tyder nettopp «lita jente» på spansk.

Carmona-Alvarez er også musikar og lyrikar, noko som raskt viser seg i den poetiske prosaen i den nye romanen hans. Også krinsinga rundt «blikket», har poetiske peikarar.

– Poesien er for meg tett forbunde med syn og blikk. Poesi er todelt; først observasjon, så refleksjon. Det ein ser, og det ein tenker om det ein ser. I romanen er den siste delen, refleksjonen, vanskeleg for barnet som observerer. For kva skal eit barn gjere med eit avkappa hovud, med eit lik? Det er vanskeleg å handtere. Då blir synet det dominerande. Eg har prøvd å skrive klart og presist, med kortare setningar enn vanleg. Det er uskulda til barnet som møter verda.

– Har du sjølv, som Marisol, opplevd å sjå drepne menneske som barn?

– Det er dette eg ønsker å undersøke i romanen. Det er ikkje så lett å vite når ein er vaksen, om ein faktisk har sett ting som ein trur ein har sett. Slik er det med traume. Ofte tenker eg at eg kan ikkje ha sett dette her; då ville eg ikkje vore i stad til å snakke. Men eg kan og vil ikkje svare direkte på spørsmålet.

Chiquitita

Den lemlesta Jesus

Carmona-Alvarez har fortald historia om seg sjølv mange gonger i løpet av livet, også i essay-form i boka Refrenger.

– Historia blir som regel moderert – det er ingen som orkar å høyre alt. Difor har denne romanen vore eit rom for meg til å gå inn i den intime erindringa. Marisol kan sjå. Det er som med synet: Om du ser rett på Medusa, eller Gud, så døyr du. Då må sjå på sida, eller i ein spegel. Det er dette skrivinga er: ei skjelauga erfaring. I litteraturen er det mogleg å sjå ting som du ikkje kan sjå andre stader, seier forfattaren.

Det sentrale motivet med Jesus på krossen har han tidlegare utforska i diktform. Denne gongen ville han skrive ei forteljing. Den lemlesta Jesus blir som eit ekko av alle menneska som blei torturerte, mishandla og drepne av det valdelege regimet i heimlandet. I tillegg opptrer det ein fråverande far og ei sørgande mor. Dei religiøse observasjonane og refleksjonane er i det heile sterkt til stades i romanen, som i stor grad utspelar seg i eit katolsk miljø.

– For meg personleg er interessa for desse spørsmåla stadig aukande. Krafta er enorm, fordi ein kan tenke gjennom dei, kanskje utan at ein veit at ein tenker om seg sjølv, seier forfattaren.

Blant spørsmåla Marisol stiller i romanen, er til dømes kva nåde er, kva skam er, kva tilgiving er og kva frelse er. Dette er spørsmål som har konkret relevans i hennar eige liv.

– Det er derfor religionen er så viktig for så mange. Han er kopla direkte på livet vårt, seier Carmona-Alvarez.

Om du ser rett på Medusa, eller Gud, så døyr du. Då må sjå på sida, eller i ein spegel. Det er dette skrivinga er: ei skjelauga erfaring.

—  Pedro Carmona-Alvarez

Tettare på Gud, Jesus og Maria

I romanen kjem han ofte tilbake til natta i Getsemane-hagen då Jesus blei arrestert. Også denne hendinga blir eit ekko av arrestasjonane og forsvinningane under det chilenske militærregimet. Å bli henta var i den situasjonen forbunde med skrekk.

– Dei bibelske forteljingane er rike forteljingar å lene seg på. Men også å søke trøyst i. Dei kan fungere som spegelforteljingar som kan seie oss noko om det vi sjølve opplever. Sjølv har eg bala med desse spørsmåla heile livet. Kanskje det er derfor eg har funne så mykje glede i den religiøse skrifta og tenkinga, seier 51-åringen.

Han merkar at Jesus og jomfru Maria kjem meir og meir inn i det han sjølv skriv. Han omtalar det som at han skriv meir «rett på».

– Eg har aldri vore skamfull over å skrive om slike spørsmål, men eg har nok gått nærmare denne gongen. Gått rett på Gud. Skrive Gud. Skrive Jesus. Skrive mora. Skrive sonen.

Forfattaren meiner at det er plass til guddommen overalt, at Gud blir «liten» nok når vi går i relasjon med han. Gud er først og fremst nådig, ikkje kravstor.

– Dersom vi skal ha toskete trass i botnen heile tida – og til dømes tenke at religion er dumt og fører til krigar – får vi aldri pakka ut det mysteriøse i trua, meiner han.

– Kva tenker du sjølv at nåden er?

– Eg tenker at nåden er ein intim aksept. Han femner om alt, inkludert det feilbarlege. Det er dette som gjer Jesus til ein så radikal figur i mine auge. På tre år klarte han å vrenge alt opp-ned og gi verdi til det som alltid hadde vore verdilaust. Nåden er også å ta med seg dette perspektivet ut i verda. Vi skal vere rause, både mot andre og mot oss sjølve.

Dei bibelske forteljingane er rike forteljingar å lene seg på. Men også å søke trøyst i. Dei kan fungere som spegelforteljingar som kan seie oss noko om det vi sjølve opplever.

—  Pedro Carmona-Alvarez

Håpefull flyktningforteljing

I romanen er det optimismen som sigrar til slutt. Marisol får omsider sjansen til å bli eit barn igjen, etter å ha vore «vaksen» og på flukt.

– Eg hadde veldig lyst til at forteljinga skulle munne ut i normalitet, seier Carmona-Alvarez.

Også flyktningar kan finne kjærleik og fred. Forfattaren har sjølv opplevd det, slik Marisol opplever det i romanen – å komme til ein stad der ein kan leve utan frykt for å bli tatt av dage.

Minna frå fortida er der framleis. Men det går samtidig an å skape seg eit nytt liv. Tileigne seg eit nytt språk. Få nye vener.

Slik sett har Pedro Carmona-Alvarez skrive ei håpefull flyktningforteljing:

– Marisol kjem til ein stad der sola er god.

---

Pedro Carmona-Alvarez

  • Norsk forfattar med chilensk bakgrunn
  • 51 år
  • Familien kom som flyktningar frå Chile til Noreg i 1982
  • Debuterte som forfattar med diktsamlinga Helter i 1997
  • Har sidan skrive ei rekke diktsamlingar, romanar og essaysamlingar; den førre romanen var Bergens Ungdomsteater (2016) og den førre diktsamlinga var Dobbeltliv (2022)
  • Har fått fleire litterære prisar, blant anna Sult-prisen (2005), P2-lytternes romanpris (2012; for Og været skiftet og det ble sommer og så videre) og Triztan Vindtorns poesipris (2022)
  • Er også musikar og gav tidlegare i år ut albumet Kin med bandet Moonpedro and The Sinking Ship
  • Aktuell med romanen Chiquitita, som kjem ut 3. august.

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Kultur