Unge les framleis andaktsbøker

ANDAKTSBØKER: Podkastar og bibel-appar har tatt over for mykje av andaktsboklesinga blant unge. Men den fysiske boka held framleis stand.

Reportasje om andaktslitteratur. Fjellhaug.
BIBELSKULE-ELEVAR: Agnete Myhre (20), Kristine Christiansen (19) og Marthe Signe Lende (19) går på linja UngGlobal på Bibelskolen Fjellhaug. Dei har alle andaktsbøker og har vakse opp med å lese andaktslitteratur saman med familien.
Publisert Sist oppdatert

På eit jenterom på Bibelskolen Fjellhaug i Oslo sit dei tre venninnene Agnete Myhre (20), Kristine Christiansen (19) og Marthe Signe Lende (19) og blar i andaktsbøker. Somme har dei lese sjølve. Andre har dei høyrt mykje bra om. Ei av bøkene, Maria Celine Lundebys Ferdig prestert – 30 andakter for flinke piker, kjenner dei særleg godt.

– Eg trur eg fekk fem eksemplar av den andaktsboka til konfirmasjonen, smilar Agnete Myhre.

Vårt Land har dei seinaste dagane retta søkelyset mot andaktslitteratur. Andaktsboka er ein gammal sjanger som historisk har vore svært viktig både i Noreg og internasjonalt, og samtidig også ein høgst levande tradisjon.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP