Kultur

– Dei kristne forlaga bidrar til at kristne bokhandlar må legge ned

BOKBRANSJEN: Bokhandlar Arne Reinertsen synest det er «kjipt gjort» at kristne bokhandlar får lågare rabattar frå dei kristne forlaga enn dei store bokhandelkjedene.

Dei kristne bokhandlane i Noreg blir stadig færre. Nyleg blei det klart at den kristne bokhandelen i Drammen må legge ned. Bokhandlar Arne Reinertsen i Vivo Kristiansand har også stadfesta at det går mot nedlegging til sommaren.

No peikar Reinertsen på to årsaker til at dei kristne bokhandlane har fått det tøft, i tillegg til dei auka kostnadane knytt til straum, papir og anna. Begge årsakene handlar om forholdet til dei kristne forlaga. For det første meiner Reinertsen at dei kristne forlaga ikkje gir dei kristne bokhandlane like gode vilkår som dei sekulære bokhandlane ved innkjøp av bøker. For det andre går det ut over salet til dei kristne bokhandlane at forlaga i større grad satsar på eige nettsal av bøker.

– Dei kristne forlaga bidrar til at kristne bokhandlar må legge ned, seier Reinertsen.

– Kjipt gjort

For ei tid tilbake var Vivo Kristiansand med i eit innkjøpsfellesskap med Norli-kjeda, og den kristne bokhandlaren gjorde seg erfaringar med kor mykje rabatt han då kunne få på bøker han kjøpte inn til butikken sin.

– For vanlege forlag låg rabattsatsen på rundt 50 prosent, mens eg i Norli-kjeda kunne få rabattar opp mot 47 prosent frå dei kristne forlaga. Utanfor dette kjedesamarbeidet, derimot, får eg rundt 40 prosent rabatt frå dei kristne forlaga. Det blir altså eit stort skilje i forhold til kva dei profane bokhandlane lever av, seier Reinertsen.

– Eg synest det er kjipt gjort av dei kristne forlaga å ikkje gi meir rabatt til dei kristne bokhandlane. No får profane bokhandlar mykje høgare rabattar enn dei kristne.

Det andre poenget til den kristne bokhandlaren er den auka satsinga på eigesal hos dei kristne forlaga. Han meiner at situasjonen er heilt annleis enn for nokre år sidan.

Eigensalet til forlaga går ut over boksalet i butikk, og kan vere direkte avgjerande for driftsgrunnlaget til dei kristne bokhandlane, ifølgje Reinertsen.

– Den auka satsinga på eigesal fører til at fleire kristne bokhandlar kjem til å bli lagt ned, åtvarar han.

Eg synest det er kjipt gjort av dei kristne forlaga å ikkje gi meir rabatt til dei kristne bokhandlane

—  Arne Reinertsen, bokhandlar

Hadde ikkje overlevd utan direktesal

Forlagssjef Svein Andersen i Hermon forlag har alltid hatt direktesal – boksal direkte frå forlaget til kunden – som ein vesentleg føresetnad for forlagsdrifta.

Då den kristne forleggaren starta opp forlagsdrifta i 1983, fanst det 64 kristne bokhandlar i Noreg, men allereie den gongen var Andersen avhengig å selje bøker sjølve i tillegg til salet i bokhandlane. I starten var det ikkje alle bokhandlane som ville føre bøkene til eit nystarta, privat forlag.

– Vi hadde aldri overlevd utan direktesal. Vi hadde ikkje halde på i to år ein gong, seier Andersen.

I dagens situasjon, der rundt 50 av dei 64 kristne bokhandlane er borte, står eigensalet for rundt halvparten av omsettinga på rundt 17 millionar kroner.

Eigensalet er delt i fire hovudkategoriar:

  1. Forfattarane sel sin eigne bøker.
  2. Kyrkjelydar og kyrkjer kjøper inn bøker dei ønsker å bruke i sitt eige arbeid.
  3. Forlaget sel bøker på kristne sommarstemner.
  4. Kundar kjøper bøker direkte frå forlaget gjennom postordre og nettsal. Nettsalet til Hermon forlag står for rundt 20 til 25 prosent av den totale omsettinga, ifølgje forlagssjefen.

– Kor viktige er dei kristne bokhandlane for kristne forlag?

– For oss er dei viktige. Av omsettinga frå sal i bokhandel kjem opp mot 60 prosent frå dei kristne bokhandlane. Men det har vore ein trend i tretti år at bokhandlane blir færre og færre. I Kristiansand var det fire kristne bokhandlarar i 1983, no går det mot null. Det byrjar å bli dramatisk!

Kjenner seg ikkje att i kritikken

Andersen har forståing for at bokhandlarar ønsker seg betre rabattar, men han kjenner seg ikkje att i biletet Reinertsen teiknar av dårlegare rabattvilkår for dei kristne bokhandlane.

– Vi har alltid gitt dei kristne bokhandlane best mogleg vilkår. Vi har alltid tatt imot returbøker, og dei kristne bokhandlane har fått høgare rabattar enn andre bokhandlar. Men om rabatten er 40 eller 50 prosent kjem også an på om bokhandelen bestiller éi bok eller ti bøker. Forlaget betaler også for frakta av boka ut til butikken. Til saman forsvinn gjerne 50 til 55 prosent av bokprisen, seier forlagssjefen.

– Så det er ikkje slik at dei kristne forlaga grev si eiga grav ved å bidra til at fleire kristne bokhandlar blir nedlagde?

– Det er heller slik at vi sym og ror for harde livet for å halde oss flytande. Vi har ikkje ei kiste full av gull som vi kan ause frå. Og eg har eit personleg ansvar for å drifte vår eigen butikk, seier Andersen.

Vi har alltid gitt dei kristne bokhandlane best mogleg vilkår

—  Svein Andersen, forlagssjef

– Dei store kjedene forhandlar tøffare

Også forlagssjef Ketil Jensen i Lunde forlag peikar på den økonomiske situasjonen for forlaget. Omsettinga i forlaget gjekk ned frå ti millionar til mellom seks og sju millionar under koronapandemien og er no kommen opp att på åtte millionar.

– Vi driv med underskot, seier forlagssjefen.

Jensen gir likevel Reinertsen rett i at dei store bokkjedene har hatt litt gunstigare vilkår enn dei kristne bokhandlane.

– Det er interessant for oss å komme inn i dei store kjedene, og dei har også kort på handa til å forhandle tøffare, seier han.

– Burde ikkje dei kristne bokhandlane ha like gode rabattar som andre bokhandlar?

– Jo, det kan du seie. Dei kristne bokhandlane burde ha betre vilkår. Men det blir også ei vurdering av volum.

Jensen synest det ville vere veldig dumt om fleire kristne bokhandlar må leggast ned. For Lunde er dei kristne bokhandlane veldig viktige og står samla sett for ein mykje større del av omsettinga enn salet i dei store bokhandlarkjedene. Lunde har få titlar ute i bokhandlar som Norli og Ark, sjølv om ein klassikar som Gary Chapmans Kjærlighetens fem språk framleis blir seld typisk til morsdag, valentinsdag og bryllaup.

– Ikkje eit eintydig bilete

Når det gjeld forlaget sitt eigesal av bøker, ønsker forlagssjefen å nyansere Reinertsens kritikk. Lundes policy er å stå for boksalet sjølv på Misjonssambandet si generalforsamling, men elles å oppmode nærmaste kristne bokhandel til å selje bøker på ulike kristne stemne.

– På Ungdommens Landsmøte har til dømes Jæren kristne bokhandel stått for boksalet. I Lyngdal har Verdifull Bok og Hobby seld bøker på bibelcampen. Så biletet er ikkje eintydig. Men eigensalet til forlaget går ut over butikkane, det er klart. Vi ser også at nettsalet vårt er noko aukande, sjølv om det er utgjer ein liten del av omsettinga, seier Jensen.

Lunde-sjefen skulle gjerne ha hjelpt dei kristne bokhandlane i større grad.

– Men alle partar rundt bordet har pressa marginar og avgrensa moglegheiter.

---

Kristne bokhandlar

  • Dei kristne bokhandlarane i Noreg blir færre og færre. Nyleg kom meldinga om to nye bokhandlar som blir lagt ned eller truleg må leggast ned.
  • For 40 år sidan fanst det 64 kristne bokhandlar i Noreg. Rundt femti av desse er borte i dag.
  • Bokhandlar Arne Reinertsen i Vivo Kristiansand er sistemann ut til å seie at det går mot nedlegging. Han peiker på dårlege rabattar og dei kristne forlaga sitt eige sal av bøker som faktorar som fører til nedlegging av kristne bokhandlar i Noreg.

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kultur