Religion

Anne Marie Børud hadde planlagt korleis ho skulle ta sitt eige liv. Så skjedde det noko

PLUSSPRAT: Mor i Børudgjengen, Anne Marie Børud, var så langt nede at ho ville ta livet sitt. Det fortel ho til Egil Svartdahl i den nyaste episoden av Plussprat.

Anne Marie Børud har vore gjennom noko av det verste ein forelder kan tenkje seg. Vesle Mette døydde få dagar før ho fylte eitt år, heilt uventa.

– Det siste levande biletet eg har var då eg la henne, og ho smilte til meg med dei små, lubne fingrane over dynekanten, skildrar Anne Marie.

Børud er eit kjent namn for mange kristne, gjennom artistar og grupper som Børudgjengen, Arnold B Family, Ole Børud og Lisa Børud.

Det er Anne Marie Børud og ektemannen Arnold Børud som er opphavet til alle desse. Men trass i at familien Børud er kjent for å formidle den glade, kristne bodskapen med entusiasme og godt humør, har ikkje livet vore berre enkelt for matriarken i familien.

Det kjem fram då Anne Marie Børud er gjest hjå programleiar Egil Svartdahl i Plussprat no på sundag.

Ikkje rom for sorg

Det er påskemorgonen i 1973 at Anne Marie finn den vesle dottera si død i senga.

Ein stor sorg inntek livet til Arnold og Anne Marie.

Eg sit med ryggen til vindauget, men snur eg meg, og der nede ser eg ned på grava til Mette, medan eg sit og ser på at Linda kjempar inne i kuvøsa.

—  Anne Marie Børud

Men ikkje lenge etter blir Anne Marie gravid på nytt. Det blir eit tøft svangerskap.

– Var det noko rom for å bearbeide sorga, tapet, traumet? Var det noko plass for det?, spør Egil Svartdahl.

– Nei, det var fråverande, svarar Anne Marie.

Mellom kuvøse og grav

Då vesle Linda blir født blir ho hasta ut av fødestova og lagt i ei kuvøse. Anne Marie får etter kvart koma for å sjå til ho.

– Eg sit med ryggen til vindauget, men eg snur meg, og der nede ser eg ned på grava til Mette, medan eg sit og ser på at Linda kjempar inne i kuvøsa. Då trudde eg det skulle klikke for meg, fortel Anne Marie.

Ho seier ho kjente seg som ei aleinemor i lange periodar. Ektemannen Arnold var stadig på farten, og var mykje vekke frå familien. Dessutan var dei stadig på flyttefot.

Minstemann Ole kjem til, også denne gongen er det eit vanskeleg svangerskap. Men i motsetnad til syskena er den vesle guten stort sett frisk og rask.

– No byrjar livet å gå seg til, tenkte Anne Marie.

Vakna til kaos

Men ikkje lenge etter skildrar ho at det er som om nokon har trykt på ein knapp. Den dansk-norske kvinna som vanlegvis er så ljos til sinn vaknar med ei kjensle av kaos.

– Eg vakna som eit ospelauv. Det var heilt forferdeleg.

Det blir verre og verre. Ingen forstår kor vondt ho har det. Kvar kveld ber ho Gud om at ho skal vakne neste morgon som sitt gamle seg: Ljos til sinns.

Men det motsette skjer. Til slutt har det gått så lang at alle planar er klare. Ho veit kvar, når og korleis ho skal avslutte sitt eige liv. Ho vel eit tidspunkt der ingen skal kunne stoppe ho.

– Men det var ein som stoppa meg. Plutseleg høyrde eg ei stemme, fortel ho til Svartdahl.

Ho visste at det var Gud som snakka til ho.

Anne Marie opplever at han gjev ho eit vers frå Paulus’ brev til filipparane i Bibelen: «Alt maktar eg i han som gjer meg sterk».

Tok eit val

Ho tek eit val. Ho vil tru på at ho maktar alt i Herren. Sakte, men sikkert, over fleire veker kjenner ho seg betre.

– Hadde eg forsvunne den dagen hadde det kanskje ikkje vore noko som heitte Børud-gjengen. Det hadde kanskje ikkje vore noko som heitte det eine eller det andre. Eg trur Gud hadde ein plan.

Anne Marie har eit råd til dei som vil høyre:

– Set ord på tankar og kjensler, og gjerne med nokon som har vore gjennom noko. Det trur eg er viktig. Det fekk ikkje eg gjort.

---

Treng du nokon å snakke med?

Desse kan du ringe:

  • Kirkens SOS: 22 40 00 40
  • Mental Helse: 116 123
  • Røde Kors: 800 33 321
  • Ved akutte situasjonar – ring legevakta på 116 117 eller nødnummer 113.

---



Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

VL anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Religion