Kva slags kristendom skildrar Dostojevskij?

Fjodor Dostojevskijs romanar har påverka fleire generasjonar kristne. Etter at den russisk-ortodokse kyrkja støtta krigen i Ukraina, må også den store russiske forfattaren lesast på nytt. Kva slags kristendom skildrar han eigentleg?

.
Fjodor M. Dostojevskij (1821–1881) er ein av dei store russiske forfattarane og eit av dei fremste namna i verdslitteraturen. Her er han måla av Vasily Perov i 1872.
Publisert Sist oppdatert

Eg har eit nært forhold til Dostojevskij. Iallfall har eg somme tider tenkt at det var nettopp denne russiske forfattaren som gjorde meg sjølv til forfattar. Eg hugsar framleis intensiteten eg las Brødrene Karamasov med som 20-åring – like gammal som ein av hovudpersonane i romanen, Aljosja. Eg sat oppe om nettene og las som ein galen. Eg klarte nesten ikkje å legge romanen frå meg før eg var igjennom alle dei tre tjukke binda i Geir Kjetsaas norske omsetting. Ein ny litterær livskveik var tent.

Sidan den gongen, på slutten av 1990-talet, har eg tenkt på Brødrene Karamasov som den beste boka eg har lese. Kanskje gjorde ho så sterkt inntrykk på meg ikkje berre på grunn av den leikne forteljarstilen, humoren, dei fargerike personane og den psykologiske djupneboringa, men også på grunn av dei omfattande diskusjonane om Gud.

Mordmysterium og religion

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP