Kultur

Rockekongen Elvis bad til Gud før konsert

IKON: Elvis Presley bøygde hovudet i stille bøn før konsertane, fortel stebroren. – Gudstrua var eit fast anker i livet hans, seier Kjell Elvis.

– Alle såg glitter og glamour. Dei såg ikkje på mannen eller trua hans.

Det fortel Billy Stanley, stebror til Elvis Presley. I haust kjem han med boka «The Faith of Elvis» og i eit nytt intervju med britiske The Observer skildrar han korleis gudstrua påverka rockekongen.

Han fortel at Elvis pleidde å be ei stille bøn før konsertar og las høgt til søskena frå Bibelen.

– Han stolte på Gud for alt. Det var der han fekk styrken sin ifrå, fortel Billy Stanley.

Elvis som søndagskulelærar

Billy Stanley var sju år gammal då han, søskena og mora flytta inn i Elvis sitt gods Graceland, i Memphis, Tennessee.

Året var 1960, og Elvis var 25 år. Dei flytta inn då mora til Billy Stanley gifta seg med Vernon, far til Elvis Presley.

Elvis var ein artist som hadde veldig respekt for Bibelen og Jesus. Skal du forholda deg til Elvis, må du forhalda deg til det.

—  Kjell Elvis Bjørnstad

Stebroren fortel at Elvis var begeistra for å få nye søsken, og at han pleidde å be kveldsbøn og lesa frå Bibelen til dei. Stundom spelte han karakterane i Bibelen.

– Det var litt av ei oppleving å ha Elvis som søndagskulelærar, seier Billy Stanley til The Observer.

Seinare enda Stanley opp med å jobba for Elvis. Då såg han korleis rockekongen bøygde hovudet i stille bøn før konsertane.

– Ein gong spurte eg han kvifor han bad før konsert. Han svara at det roa nervane hans, men også at han ville at Gud skulle velsigna konserten.

Kjell Elvis: Elvis var svært søkande

– Gudstrua var eit fast anker i livet til Elvis. Han vaks opp i pinsekyrkja og gudsfrykta følgde han heile livet.

Det seier Kjell Elvis Bjørnstad til Vårt Land. Han har verdsrekord i Elvis-synging og er sjølv personleg kristen.

t

Han er ikkje overraska over kva stebroren til Elvis fortel til britiske The Observer.

– Verda har nok fokusert meir på det med rocken og ikkje på at han er kristen. Men då går du glipp av heile pakka. Elvis var ein artist som hadde veldig respekt for Bibelen og Jesus. Skal du forholda deg til Elvis, må du forholda deg til det.

Samstundes var Elvis svært søkande og hadde fleire «sidesprang med ulike religionar», fortel Kjell Elvis.

– Han rota voldsomt med mystikk og kabbala på 1960-talet. Han gjekk seg vill på mange måtar. Han søkte mykje for å få fred i sjela si. Men Gud ser i nåde alt.

Song 50 timar i strekk

Kjell Elvis Bjørnstad var sju år då han såg Elvis på fjernsyn for første gong. Det var starten på eit liv som hyllest-artist.

Han meiner trua hans gjer det lettare å setta seg inn i rolla.

– Når du kjenner Bibelen, så forstår du meir av Elvis.

I 2020 sette Kjell Elvis verdsrekord i Elvis-synging. På sportsbaren Scotsman i Oslo song han Elvis-låtar samanhengande i 50 timar, 50 minutt og 50 sekund.

Elvis held fram med å setta spor etter seg. No sist i ein ny film av den australske regissøren Baz Luhrmann.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur