Heile 32 prosent av dei under 30 år har aldri har opna Bibelen. Det viser ei undersøking Norstat har gjort for Vårt Land.
På Aker Brygge i Oslo sit fire sunnmøringar. Marthe (23), Celine Gjengedal (23) og Julie Kvamme (23) er på ferie i hovudstaden for å vitje Hanna Indregård (22), som studerer i Oslo. Dei har alle lese i Bibelen.
– Vi har vore på konfirmasjonsleir, og der bruka vi Bibelen aktivt, seier Gjengedal.
Dei fire kvinnene frå Larsnes utanfor Ålesund vaks opp og konfirmerte seg samen. Gjengedal fortel at ho ikkje har lese i Bibelen sidan konfirmasjonstida.
– Eg kan ikkje hugse sist eg opna ein bibel, skyt Indregård inn.
– Eg var med i ei bibelgruppe saman med medstudentane mine, seier Marthe.
Her møttest dei for å prate om og reflektere rundt bibeltekstar.
Eit skifte
– Kva tenkjer dykk om at ein av tre under 30 år aldri har lese i Bibelen?
– Det viser vel eit skifte, seier Gjengedal.
Det same meiner religionssosiolog Erlend Hovdkinn From.
– Lesing av Bibelen går ned samstundes som det blir fleire ikkje-religiøse, seier From.
Han fortel at nokre ikkje-religiøse framleis kan ha interesse av å lese i Bibelen, fordi dei er nyfikne. Men det er også mange som steller seg likegyldig til religion. Han nemner også at nokre vil unngå Bibelen fordi dei vurderer han som eit utdatert verk, med utdaterte kjønnsroller.
– Nokre synest det er noko farleg rundt slike tekstar.
– Er det problematisk at fleire unge ikkje har lese i Bibelen?
– Det kjem heilt an på auget som ser, meiner From.
Han fortel at ein lærer om religion på andre måtar i dag enn før. Det er meir merksemd på levd religion enn dei religiøse tekstane.
– Det er merksemd på at folk er religiøse på ulike vis.
Det er motivasjon for oss til å levere Bibelen på nye, overkommelege format
— Anne Mari Shiager Topland
Kvar sitt val
Sunnmøringane på Aker Brygge ser det ikkje som problematisk at 32 prosent av dei under 30 år aldri har opna Bibelen.
– Eg vil ikkje seie at det er noko problem. Men det er interessant, meiner Indregård.
Damene fortel at dei hadde ein konfirmantprest som var open for diskusjon.
– Det gjorde konfirmasjonstida vår super, fortel Indregård.
[ Da lovsangen brøt ut på en pub i Oslo ]
Sjølv om ein ikkje må lese i Bibelen, trur dei det er lurt å verte kjend med kristendomen.
– Veldig mykje av verdiane vi veks opp med passar godt til kristendomen, og det er kristendom forfedrane våre har vakse opp med, seier Marthe.
Gjengedal legg til at kalenderen er bygd rundt dei kristne heilagdagane.
---
Andel som seier dei aldri har lese i Bibelen
- Under 30 år: 32 prosent.
- 30—39 år: 20 prosent.
- 40—49 år: 11 prosent.
- 50—99 år: 13 prosent.
Kilde: Undersøkinga er gjennomført av Norstat for Vårt Land. 1005 personar deltok totalt.
---
Dei to av tre
Dei fire venene er frå landsdelen som er best på bibellesing, nemleg Vestlandet. Resten av landet skil seg lite frå kvarandre. Berre 10 prosent frå Vestlandet seier dei aldri har lese i Bibelen. I dei andre landsdelane har rundt 20 prosent aldri opna boka.
Anne Mari Schiager Topland er konstituert generalsekretær i Bibelselskapet. Ho er positiv til at fleirtalet av unge nordmenn har lese i Bibelen.
– Når ein av tre unge ikkje har lest i Bibelen, så er det to av tre unge som stadfester at dei har lese i Bibelen.
Ho forstår også at Bibelen kan vere ei lukka bok for mange.
– Det er vår oppgåve i Bibelselskapet å opne Bibelen for folket, seier ho.
At ein av tre unge ikkje har lese i Bibelen, ser ho på som ei utfordring.
– Det er motivasjon for oss til å levere Bibelen i nye, overkommelege format.
Eg kan ikkje hugse sist eg opna ein bibel
— Hanna Indregård
Viktig å nå ut til unge
Topland fortel om eit prosjekt Bibelselskapet jobbar med no, der dei omset heile verket til ein enklare tekst, som fleire kan forstå. Prosjektet er retta mot personar med lese- og skrivevanskar. Samstundes jobbar dei saman med Døvekyrkja om å omsette heile Bibelen til teiknspråk.
Sjølv om Topland er glad at 68 prosent unge har opna ein bibel, ønskjer ho å auke talet.
[ Programleder Vårt Staude skryter av intervjuobjektene sine på Instagram ]
– Er det viktig at folk les i Bibelen?
– Ja, det meiner eg.
– Kva gjer de for å få fleire unge til å lese?
– Vi har mellom anna hatt ansvar for bibelleseplanane til dei tusenvis av unge som deltok på The Send.
– Dette er vel unge som allereie les Bibelen. Kva med dei som ikkje gjer det?
– Her handlar det om å gjere Bibelen tilgjengeleg i samfunnet.
Topland fortel at Bibelselskapet jobbar med å nå ut til fleire unge via sosiale medier.
– Vi legg til rette for ressursar i skulen, seier Topland.
Bibelselskapet samarbeider med Cappelen Damm for å gi skulane tilgang på forteljingane frå Bibelen.
– Det er ein viktig arena, seier Topland.
[ Artisten Myra følte på skam etter en rotløs barndom. Så møtte hun Gud ]