Vatnet finn sine vegar
PÅSKE + PASJON: På elleve år har norske forfattarar skrive rundt 150 nye skjønnlitterære tekstar i samtale med den bibelske påskeforteljinga. – Eg får aldri nok av dramatikken i forteljinga. Ho har alt, seier Gine Cornelia Pedersen.
Nokre veker før påske tok Knut Erik Tveit, prosjektleiar for Påske + pasjon, med seg forfattarane Aina Villanger (t.v.), Ingrid Z Aanestad, Gine Cornelia Pedersen og Fredrik Høyer til klosterruinane på Hovedøya.
Erlend Berge
Ein vinterdag i Oslo dreg fire forfattarar med båt ut til Hovedøya. I dei gamle klosterruinane samlar dei inntrykk. Kvar av dei skal skrive ein skjønnlitterær tekst til arrangementsserien Påske + pasjon.
– Klosterruinane på Hovedøya, og for så vidt heile øya, er ein av favorittstadane mine. Om sommaren dreg eg ut for å bade og lese i det grøne, men det er nesten endå meir spesielt å vere der om vinteren, som no. Det er stille, og ruinane trer tydelegare fram utan folk og lauvverk overalt, seier Ingrid Z. Aanestad.
Forfattaren synest det er stimulerande å tenke så medvite over ein stad i byen der ho bur, i tillegg til å gå inn i ein bibeltekst. Alle forfattarane som skriv tekstar til Påske + pasjon, får i oppgåve å lese Markusevangeliet. Aanestad har vore med nokre gonger før, men det er første gongen ho skriv i samtale med klosterruinane, eit nytt konsept av året.
Bestill abonnement her
KJØP