Berre to hus bortanfor bedehuset ligg barndomsheimen til Noregs største dramatikar, Jon Fosse.
Framover blir det hans forfattarskap som inntek forsamlingslokalet, ifølgje NRK.
Fosse-stiftinga har nemleg kjøpt Kvam bedehus, og skal stille ut kunst, plakatar, artiklar – og arrangere førestillingar. Dei siktar òg på å bygge opp eit arkiv og lage ei skrivestove til gjesteforfattarar.
– Det er ein strålande god idé, seier Jon Fosse sjølv til NRK.
---
Jon Fosse
- Norsk forfattar og dramatikar, fødd i 1959.
- Bur i Statens æresbolig for fortjente kunstnare, Grotten i Oslo.
- Dramatikken/forfattarskapet er omsett til over 40 språk.
- Noregs mest spilte etter Henrik Ibsen.
---
[ Jon Fosse-intervju: – Mitt liv har blitt bedre uten den tunge alkoholismen ]
Bort med Jesus – men ikkje korset
Huset var aldri for sal på den opne marknaden. Årsmøtet i Fosse indremisjon vedtok å selje huset til stiftinga til taksten på 500.000 kroner.
Også kommunen har vore med på spleiselaget. Formannskapet i Kvam har gitt 300.000 kroner til kjøpet av bedehuset, medan Sparebanken Hardanger har gitt 100.000 kroner.
Anne Marie Bogetveit frå bedehuset fortel at Jon Fosse også har ein spesiell plass i hjartet til bedehusfolket.

– Vi kjem nok til å komme og slite litt på stolane, seier ho til NRK.
Berre ei dryg veke etter at kontrakten blei signert, blir det taktskifte i huset. Til helga blir det framføring av førestillinga «Blått svev» og eit bokbad om Septologi-bøkene.
Jesus-biletet over scenen må bort no, fortel NRK. Men korset ved inngangsdøra få vere der ei stund til, etter førespurnad frå ein eldre bedehusgjengar.
[ Anmeldelse av Fosses nyeste bok: Et hovedverk i forfatterskapet ]