Kultur

Viser vegen i Norge

FERIE: Norgesferien står for døra. Mange søkjer dei unike opplevingane, gjerne utanfor alfarveg. Tre bøker viser veg.

Utlandet opnar opp for feriehungrige nordmenn. Men også i sommar blir det «Norge – mitt ferieland» for svært mange.

Det skal du vere glad for, meiner globetrottaren Gunnar Garfors. Mannen som har vitja alle land på kloden, to gonger, meiner alt for mange nordmenn reiser alt for langt for dei store opplevingane.

Fordi utlandet var pandemistengt i fjor og første halvår i år, har Garfors reist på oppdagarferd i eige land, og spora opp dei mest unike og undervurderte stadane i Norge. Stadar som ikkje alltid ligg veldig langt utanfor europavegane, men der mange av oss susar rett forbi på veg til meir populære reisemål.

Oppdagarferda er blitt til vegvisaren Bortom allfarveg – 81 reisetips til ein spektakulær Norgesferie.

Sokndal

Heimlandet viser seg fram

Boka er delt i kapitla opplevingar, grender, strender, øyar, fjord og fjell, mat og drikke og overnattingar – og strekkjer seg frå kystbygdene Mehamn og Gamvik i nord til øya Hidra i sør.

Om kvifor han kjende seg kalla til å lage reiseguiden, seier Garfors: «Sommaren 2020 debuterte mange nordmenn som noregsturistar. Det var ikkje fordi vi kjende på ei sterk lyst eller brått følte oss himla heimekjære. Det var ein pandemi som hadde skulda. Eller æra. For mange oppdaga etter kvart at heimlandet slett ikkje var så gale når det gjaldt tilgang på spektakulære reisemål.»

Nå vil vi ha et rom for natta, og en opplevelse for livet.

—  Torild Moland, reiselivsjournalist og guideforfattar

Etter eit omflakkande og opplevingssøkjande liv utanlands konkluderer Garfors: «Noreg er verdas mest undervurderte ferieland.»

Difor tek han lesaren til stader som Frøya, Smøla, Sør-Senja, Bugøynes, Jotka, Øverbygd og Steigen. Og kjører forbi Besseggen, Trolltunga, Geiranger og Lofoten.

Rabothytta

Oppleving for livet

Torild Moland er ein røynd reiselivsjournalist som viser veg til overnattingsstadane du garantert vil dele med slekt og vener i sosiale medier. For dei er nokon utanom det vanlege.

I boka 110 unike overnattinger i Norge er det ingen sterile kjedehotell, men eit utval med særpreg.

Som å sove i ei vintønne, ein nedlagt silo, ein glasdom, ei tretopphytte, ei hytte i havgapet, eller i eit juv.

Fiffens favoritt

Difor viser Moland vegen til variert arkitektur i strandkanten, på snaufjellet, inn i skogen og ved elva. Her er historiske overnattingsstader på Svalbard, på Dalen, i Drøbak.

Her er fiffens favoritt, Øye på Sunnmøre, og sabotørhytta på Rjukan.

Torild Moland oppsummerer det slik: «Overnattingssteder med særpreg er i ferd med å endre våre reisevaner. Nå vil vi ha et rom for natta, og en opplevelse for livet.»

Noreg er verdas mest undervurderte ferieland.

—  Gunnar Garfors, globetrottar

I fotspora til turpåverkaren

Ein annan konsekvens av pandemien, er at nordmenn søkjer ut i skogen, opp på fjellet. Folket som frå før var verdsmeistrar i kjøp av sports- og villmarksutstyr, har fylt på med endå meir for å kome seg ut på tur.

Turgåaren Julie Bjanes er ein såkalla turpåverkar. Gjennom instagramkontoen viser ho veg inn dalar, over vidder og opp på fjelltoppar. Vandringsiveren, med og utan sekk, med og utan barn, i skaljakke eller kjole, har fødd boka Min insta-tur (Cappelen Damm).

Bjanes går opp 50 turar i boka. Nokre kan du gå året rundt, andre berre når det er bart. Fleire er fine å dele, andre høver godt åleine.

---

Turbøker

  • Ni av ti nordmenn planlegg å feriere i Norge i sommar.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur