Kultur

Ny leiar i Verbum forlag

Arne Christian Konradsen har takka ja til stillinga som forlagssjef i Verbum.

Det melder Bibelselskapet i ei pressemelding.
– Forståinga hans og hans strategiske teft for forlagsutvikling og gode bøker skaper forventningar hos ein livskraftig 200-åring, seier Paul Erik Wirgenes, generalsekretær i Bibelselskapet.
Konradsen har brei erfaring frå fleire roller i bokbransjen, mellom anna har han tidlegare vore forlagssjef for Vårt Land forlag.
– Vi har brukt god tid på å rekruttera ny forlagssjef. Med Arne Christian vil vi få ein dyktig og modig leiar som vil føra eit strategisk verksemdsområde for Det Norske Bibelselskap gjennom ei tid med store endringar, seier Wirgenes.
I tillegg til kompetanse innan litteratur og forlagsverksemd har den nye forlagssjefen òg utdanning i gresk og hebraisk, og dessutan ei klassisk musikkutdanning.
– Eg føler meg veldig heldig. Eg kjenner mange i Bibelselskapets stab og er imponert over kva dei får til, trass ein svær tøff bokmarknad. I tillegg ser eg fram til å få jobba med Verbums og Bibelselskapets forfattarar. Eg håper å bidra til at forlaget når fram til stadig fleire lesarar i åra som kjem, seier Konradsen.
Han kjem frå stillinga som arrangementsansvarlig i Stiftelsen Areopagos. Der har han hatt ansvar for mange av dei ulike publikumsaktivitetane til stiftelsen i heile Noreg.
– Sidan eg forlét bokbransjen for fire år sidan, har eg sakna å jobba med bøker og forfattarar. I Areopagos har eg lært masse om religionsdialog og spiritualitet og tydinga av å laga gode møteplassar for fordjuping og ettertanke. Den erfaringa håper eg å dra nytte av i forlagsarbeidet framover. Og endeleg får eg kanskje bruk for åra i studietida med pugging av greske og hebraiske gloser, seier den nye forlagssjefen.
Konradsen overtar etter Hans Johan Sagrusten, som gjekk over i ei anna stilling i Bibelselskapet sommaren 2020.

• LES MER:

Vatikanet: Pavens ja til likekjønnet parterskap var tatt ut av kontekst

Les mer om mer disse temaene:

Kristelig Pressekontor

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur