Kultur

Sosiolog vil legge ned religionsfaget

Gunnar C. Aakvaag meiner religionsfaget er utdatert. Elevane ved Mailand vgs er ikkje einige, og får støtte frå pedagogikkprofessor.

Bilde 1 av 4

– Viss eg var kunnskapsministar, ville eg lagt ned religionsfaget, seier Gunnar C. Aakvaag, professor i sosiologi ved Universitetet i Tromsø.

I desse dagar ligg læreplanane i støypeskeia. Hausten 2020 er det desse lærarane skal undervise i. I ein kommentar i Morgenbladet, etterlyser Aakvaag meir tid til undervising i den norske samfunnsmodellen og mindre religion på timeplanen.

– Dagens unge er nøydde til å kjenne det norske trepartssamarbeidet, men det er ikkje nemnt i utkastet til dei nye læreplanane. Difor såg eg på faga i den norske skulen for å finne ut kva som kan bytast ut. Kva er det minst viktige? Jo, det er religion. Eg tykkjer det er utidsmessig å vie så mykje tid til religion i skulen i eit sekulært samfunn som Norge.

Korleis ville timeplanen sett ut om du fekk bestemme?

– Om ein tok vekk religionsfaget, ville eg brukt halvparten av tida på den norske modellen og resten på noko anna, for eksempel matte eller gym. Religionsundervisinga ville eg tatt inn i andre fag, som for eksempel historie.

Ueinig

Sylvi Stenersen Hovdenak, professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo, har forska på kva ungdom meiner om religionsfaget.

– Aakvaag er i alle fall på kollisjonskurs med elevane si oppfatning av kva som er viktig. Då eg spurde elevane det opne spørsmålet «kva fag tykkjer du er viktigast i skulen?», trekte dei aller fleste fram religionsfaget, seier Hovdenak.

Hovdenak viser til ein kvalitativ studie ho har gjort i Groruddalen i Oslo, kor 15 av 18 tiandeklassingar svara at religion er det viktigaste faget for dei. Hovdenak trur desse elevane gjer oss ein peikepinn på kvar vi er på veg.

– Groruddalen er kanskje det mest fleirreligiøse området i Norge, og stadig fleire plassar ber preg av dette. Anna og meir kvantitativt forskingsarbeid syner at ungdom over heile landet løfter fram religion som eit viktig fag. Det er eit fenomen som har vore tydeleg dei siste 8–9 åra.

– Kvifor vil elevane lære meir om religion?

– For dei har religion relevans både lokalt og globalt. Dei søker etter å utvikle forståing, respekt og toleranse for å få gode relasjonar seg i mellom. Religionsfaget er særskild viktig i denne samanhengen. Behovet for kjennskap til religionar kjem frå ungdom som ikkje trur på noko, kristne, muslimar og elevar med blanda religiøs bakgrunn.

LES OGSÅ: Ap vil kutte barnetrygda til foreldre som sender borna sine på utanlandske koranskular

Religionstimen

På Mailand vgs i Lørenskog er etikk tema for dagens religionstime i 3STE. Med utgangspunkt i klimaproblematikken forklarar lærar Elise Bliksås kva ansvarsetikk går ut på. Med små justeringar kunne det like gjerne ha vore ein samfunns- eller naturfagstime.

Elevane Vårt Land snakka med, meiner likevel at det er naudsynt med eit eige religionsfag.

– I vårt pluralistiske samfunn er det viktig å utfordre fordommar med kunnskap. Religionsfaget skapar forståing for korleis andre menneske tenker og handlar, seier Tiril Rød Emaus.

Karl Axel Berg meiner at kunnskap om religion er viktig i samhandling med resten av verda.

– Religion er på veg ut av norsk politikk, men slik er det ikkje i resten av verda. Viss du skal arbeide med folk frå ein annan kultur, er det lurt å kjenne til dei lokale normene som ofte kjem frå religion, seier Berg.

– Kan de ikkje heller lære om religion i fag som historie eller samfunnsfag?

– Då vil vi få mindre kompetente lærarar, trur eg. Læraren vår har studert religionsvitskap og er god på å gje oss nyansert undervisning, seier Filip Hamang.

For Berg er det viktig med ei motvekt til det ein får frå media i våre dagar.

– Gode religionslærarar speglar eit meir realistisk bilde av religionane enn media gjer. Dei har stort sett ei negativ vinkling på til dømes islam, seier Berg.

LES OGSÅ: Tale Maria Krohn trur det kan vere tabu for vaksne å snakke med born om tru

Snill ungdom

Trass i at forsking viser at religionsfaget er viktig for ungdommane, held Aakvaag fast på at faget tek for mykje plass i skulen.

– Norsk ungdom er sekulær og ikkje veldig oppteken av religion. Dei er høflige og snille og opptekne av å lære om og vise respekt for religiøse menneske, seier Aakvaag.

Aakvaag stiller seg kritisk til å bruke Hovdenak si forsking i favør religionsfaget.

– Det er ikkje overraskande at mange unge er opptekne av religion på fleirkulturelle skuler i Groruddalen. Hovudbildet er likevel at norsk ungdom blir mindre og mindre religiøse. Ifølgje Norsk Monitor trur under halvparten av norsk ungdom på gud, og Hovdenak referer sjølv i sin artikkel til ei undersøking av elevar på ungdomstrinnet i seks norske byar som viser at 75 prosent er likesæle til religion eller meiner at religion er uviktig.

I undersøkinga Aakvaag og Hovdenak viser til, er majoriteten av elevane positive til religiøst mangfald. Forskarane konkluderer med at dette er underkommunisert i norsk skule.

– Kvifor vil du ikkje lytte til kva ungdommen sjølv tykkjer?

– Kva vi skal legge vekt på i undervisinga, er eit normativt spørsmål, og ikkje ein popularitetskonkurranse. Ved å bruke så mykje tid på religion skapar skulen eit inntrykk av at religion er viktigare enn det faktisk er i samfunnet vårt. Det gjer også religionsfaget nærmast monopol på å forvalte djupe eksistensielle spørsmål, og reproduserer dimed ideen om at religion er viktig. Såleis blir religionsfaget ein sjølvoppfyllande profeti. I eit fleirkulturelt Norge er det viktigare enn nokon gong å vise at det er sekulære verdiar og institusjonar knytt til Den Norske Modellen, og ikkje religion, det norske samfunnet er tufta på. Dette bør bli spegla betre i norsk skule, seier Aakvaag.

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kultur