Då Tromsø vart stille
Blant dei til saman 773 deporterte norske jødane under andre verdskrigen, var det 14 jødar frå Tromsø. – Dette har vore heilt ukjent, seier historikar Henrik Broberg.
Bursdagsselskap i Tromsø hos den jødiske Shotland-familien kort før krigen. Her ser vi Hertze Caplan ytst til venstre, Rebekka og
Sellik Sakolsky rett bak blomane, og Bergliot og Herman Smith som nummer fire og fem frå høgre.
Privat/Da byen ble stille
Den 26. november 1942 vart meir enn 500 jødiske fangar deporterte frå Oslo til Auschwitz, dei aller fleste med lastebåten Donau. Nokre få vart også frakta med Monte Rosa, ein rutebåt for tyske soldatar – deriblant åtte arbeidsdyktige menn frå Tromsø. Kvinner, barn og eldre vart sende året etter. Til saman vart 14 jødar frå Tromsø deporterte og drepne i Holocaust.
Ukjent
– Dette har vore heilt ukjent historie for Tromsø, det var knapt nokon i byen som hadde høyrt om det, fortel historikar Henrik Broberg.
Bestill abonnement her
KJØP