Tidsskrift set dyra på dagsorden
Dei siste 40 åra har vi mista 60 prosent av verdas dyreliv. Samtidens redaktør vil minne oss på kor salamien kjem frå.
Barn møter dyr utan den
kulturelle ballasten som har lært oss at mennesket er meir verdt enn dyra, meiner Siri Martinsen, leiar i NOAH.
Artar forsvinn, vi kvittar oss med ulven fordi den er til bry for oss og det er den mest sjølvsagte ting i verda at vi skal drepe og ete dyr vi har halde i fangenskap heile livet. Kvifor er dette så sjølvsagt for oss? Kvifor gjer vi ikkje noko med det? Er det fordi det er menneskeleg å ikkje ta omsyn til andre så lenge det ikkje går utover oss sjølve?
Dette er spørsmål som blir
stilte i siste nummer av tidsskriftet Samtiden. Nummeret har temaet «Dyrene dør. Du lever som før» og er redaktør Christian Kjelstrups andre utgåve, etter suksess med temanummer om Koranen i mars.
– Korleis gjekk det til at
dyrevern vart tema for dette nummeret?
Bestill abonnement her
KJØP