Jesus frå Nasaret: Politisk revolusjonær eller overjordisk frelsar?

I si nye bok teiknar religionshistorikar Reza Aslan eit bilete av Jesus som ein politisk revolusjonær. – Apostlane si tru på oppstandelsen er det som forandra den jødiske messianske rørsla til ein heilt ny religion, seier han.

Reza Aslan meiner at evangelistane tona ned det politiske ved Jesus fordi det var heilt nødvendig etter at romarane slo ned på det jødiske opprøret og jamna Jerusalem med jorda i år 70 e. Kr. Illustrajon: Ødeleggelsen av tempelet i Jerusalem, 1867

Trua på lekamleg oppstandelse var framand for jødane som levde samtidig med Jesus, meiner Reza Aslan. Oppstandelsen er eit spørsmål om tru aleine. Illustrasjon: Tvilaren Thomas, 1602
Trua på lekamleg oppstandelse var framand for jødane som levde samtidig med Jesus, meiner Reza Aslan. Oppstandelsen er eit spørsmål om tru aleine. Illustrasjon: Tvilaren Thomas, 1602
Publisert Sist oppdatert

Det var forteljinga om Jesus som gjorde at den iransk-amerikanske forfattaren og religionshistorikaren Reza Aslan vart frelst på ein kristen leirskule som femtenåring. Det var forteljinga om himmelens og jordas Gud som vart fødd som eit hjelpelaust barn, vaks opp fri for synd, ofra seg sjølv til liding og død for å fri menneska frå all synd, og stod opp frå dei døde tredje dag slik at dei som no trudde på han, skulle få evig liv i Guds himmelrike. Den unge Aslan vart så gripen av dette narrativet, at han sjølv måtte ut og forkynne bodskapen.

– Eg vaks opp i ein sekulær muslimsk familie i Iran, utan særleg moglegheit for å uttrykke religion. Då familien flytta til USA, var anti-muslimske haldningar relativt utbreidde. Så då eg fekk høyre bodskapen i evangelia, fekk eg ikkje berre ei spirituell oppvakning, men ein sjanse til å bli akseptert som amerikanar. Jesus var mitt amerikanske identifikasjonskort, seier forfattaren som er aktuell på norsk med boka Seloten. Historien om hvordan Jesus fra Nasaret ble Jesus Kristus.

Blei muslim

Powered by Labrador CMS