Kultur

– Døden har ingen fasit

Anders Totland debuterer med ungdomsromanen Engel i snøen på Gyldendal forlag. I boka møter vi eit barn som kjem tett på døden – kanskje skal det sjølv døy?

– Det får vi aldri eit klårt svar på, fortel forfattaren som er meir oppteken av å stille spørsmål enn å gi forklaringar.

– Døden har ingen fasit, og heller ikkje det som kjem etter. Å forklare døden med to strekar under svaret er det ingen som klarer. Eg har grubla meg fram og håper lesarane vil ta seg tid til refleksjon – og dvele ved dei store spørsmåla ein møter i boka. Eg har eigne tankar om kva som skjer med hovudpersonen til slutt, men ynskjer at andre gjer seg opp si eiga meining om korleis det heile endar, seier Totland.

LES MER: Slik kan religiøs lidenskap bli farlig

Sjukdom og død

– Det er ei veldig trist historie?

– Ja og nei. Sjukdom og død er trist, ikkje minst når det råkar born. Men ein minst like stor del av boka handlar om venskap, og verdien av det du har – sett opp mot det du kan miste, meiner han.

– Har du eigne erfaringar kring tap av dine næraste, slik forteljaren i boka har?

– Nei, faktisk ikkje. Men far min er prest og eg byrja som organist i kyrkja som 15-åring, og har spelt i begravingar og minnestunder snart halve livet, fortel 29-åringen.

LES OGSÅ: Bjørn Eidsvåg angrer på at han sviktet sin døende far

Store spørsmål

– Erfaringane frå alle desse sorgstundene har sett sine spor og skapt mange av refleksjonane eg freistar å formidle i boka. Eg fekk nok eit nærare forhold til døden enn dei fleste andre på min alder, men eg har ikkje mykje sjølvopplevd materiale i forhold til å skildre dei store spørsmåla som kjem opp i romanen, sier han.

Anders Totland utdanna seg først til kokk, men har no jobba som journalist i åtte år, først i Haugesund Avis og no i avisa Sunnhordland.

– I jobben som journalist kjem eg i kontakt med menneske som er sjuke og døyande, noko som og dreg meg inn mot eksistensielle spørsmål, seier han.

Anders Totland har tidlegare laga ei biletbok for born; Vampyrane i eplehagen.

– Det var etter oppmoding frå sonen min på 5 år. Eg spurde kva han ville lese om, og svaret var klart og enkelt: bestefar – og vampyrar. Og slik vart det, fortel han.

No er han særs nøgd med å debutere som ungdomsforfattar på Gyldendal.

LES MER: Debutant Hanna Dahl nominert til Brageprisen

Refleksjon

– Men eg har ikkje skrive ein ungdomsroman, sjølv om boka er plassert i den båsen. Forteljarstemma er ung, men eg vonar at tematikken og når fram til vaksne lesarar. Det er viktige vaksenkarakterar i boka, som mange vil kunne relatere seg til. Det finst og refleksjonar som ligg på eit meir filosofisk plan – som må hentast fram mellom linjene, meiner Totland.

– Du nyttar ein langsam dramaturgi?

– Eg held meg til antydningar, i staden for ei dramatisk ramme. Sjølv om det er vanskeleg å tenkje seg eit større drama enn døden, har eg freista å tone det ned. Det er ingen spenningsroman, og sjølv om den er kort, vert lesaren ført inn i historia på ein forsiktig måte. Eg vil at boka skal vere open på mange plan, det har vore eit sentralt grep. Det vert ikkje definert kva kjønn forteljaren har, eg ville vekk frå kjønns-stereotypiane. Problemstillingane du møter er like store for gutar som for jenter – og for folk i alle aldrar, seier debutanten.

LES OGSÅ: Forventer flere vil oppleve religiøs diskriminering

Dystert

Han fortel om ein open skriveprosess, og temaet kom litt ut av det blå.

– Det høyrest ut som ein klisjé, men det var denne forteljinga som kom og sette scene og stemning. Det kan vel kallast ein slags innfallsmetode, eg skjønte med ein gong at det ville verte ei dyster historie. Eg vart fanga av idéen og let den utvikle seg, fortel han.

Han er aller mest oppteken av å gi frå seg ei god lesaroppleving.

– Boka er på ingen måte misjonerande, heller ikkje i kristen forstand, sjølv om både himmel og englar er sentrale i tematikken, fortel Anders Totland som godt kan tenke seg å vidareføre forfattarskapet.

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal har i mange år vært journalist og fotograf i Vårt Land, og har dekket både kultur- og kirkeliv.

Mer fra: Kultur