Engelen i Bodø
Årets «ålreite dame» fortener all den heider ho kan få. Shirley Bottolfsen (81) viser oss sann nestekjærleik i praksis.
Shirley Bottolfsen mottok i går Harry Hole-stiftelsens pris «Ei ålreit dame» for sitt arbeid for nødlidande og trengande. Prispengane gjekk frå Jo Nesbø (t.h.) via Bottolfsen til Flyktningehjelpen ved Jan Egeland (t.v.).
Cornelius Poppe/NTB scanpix
I går blei den irsk-norske eldsjela Shirley Bottolfsen tildelt Harry Hole-stiftelsens «ålreite dame»-pris. Dette er prisen som kom i stand ved at forfattaren Jo Nesbø overførte alle rettar og inntekter frå romanen Hodejegerne til ei stifting som arbeider for å auke lese-og skriveferdigheiter hjå barn, særleg i utviklingsland. Kvart år går prisen til ein person som har markert seg med idealistisk arbeid, og prisvinnaren får vere med på å bestemme kor prispengane på 1 million kroner skal gå. I år er det Flyktninghjelpen som får pengane, til eit utdanningsprosjekt for somaliske flyktningar i verdas største flyktningleir i Kenya.
LES OGSÅ: Møt flyktningene bak tallene
Heider
Bestill abonnement her
KJØP