Desperado på nyheitsjakt
Med glimrande Jake Gyllenhaal og Rene Russo i dei sentrale rollene er Nightcrawler blitt eit heftig stykke mediekritikk.
Småkjeltringen Lou Bloom (Jake Gyllenhaal) skaffar seg eit videokamera og ein politiradio for å vere den første som rapporterer frå ulukkesstader og åstader. –Filmen burde vere pensum på journalistikkutdanninga, skriv vår meldar.
Filmweb
Los Angeles er eit stykke unna Oslo. Når regissør og manusforfattar Dan Gilroy skildrar den journalistiske kvardagen – eller rettare sagt kvarnatta – i den amerikanske metropolen, er det ikkje lett å kjenne seg att reint yrkesfagleg. Med spelefilmen Nightcrawler skaper likevel Gilroy ein mektig fabel som fungerer som ein trollspegel for vår eiga tid og vår tids presseetiske utfordringar. Filmen burde vere pensum på journalistikkutdanninga.
Lou Bloom (Gyllenhaal) er rett nok ikkje journalist. Han er ein omdriftar og småkriminell som får auga opp for potensialet i å levere videosnuttar frå ulukker og kriminalåstader til ein av dei lokale fjernsynsstasjonane. Han skaffar seg eit videokamera og ein politiradio, og dermed er han i gang med å skaffe levande bilete av døde og blodige offer. Lou går tett på, og bryt allereie frå starten av dei fleste presseetiske grenser. Det skal bli verre etter kvart.
Kynisme
Bestill abonnement her
KJØP