Knallsterkt slavedrama vann Oscar
Noko av det sterkaste du ser på film akkurat no.
Den britiske skodespelaren Chiwetel Ejiofor etablerer Solomon Northup på hundre prosent truverdig vis, ein fri mann som blir kidnappa og seld som slave. Regissør Steve McQueens spelefilm 12 years a Slave fekk Oscar-stauetten for beste film natt til måndag.
Filmweb
Steve McQueens sterke dramafilm 12 Years a Slave vann Oscar-statuetten for beste film i Los Angeles natt til måndag. Og dette er ein film som absolutt er verdt å få med seg. Historia om den frie, svarte mannen som blir kidnappa og seld som slava er noko av det sterkaste du ser på film akkurat no.
LES OGSÅ: Slavefilm kåret til årets beste
Sann historie. Filmen er bygd på boka Twelve years a slave, som Solomon Northup skreiv og gav ut i 1853. Då hadde Northup vore igjennom tolv år med fornedring under ulike slavedrivarar. Regissør Steve McQueen fortel historia hans på ein effektiv og gripande måte, utan å bli sentimental.
McQueen klarer på ein heilt annan måte enn til dømes Quentin Tarantino (Django Unchained) å fortelje historia om slavehaldet i USA på ein relevant måte. Vi får verkeleg kjenne på kroppen korleis det er for ein fri mann å bli fråteken fridomen og hundsa med. Særleg er Michael Fassbender god som brutal eigar av ein bomullsfarm, ein mann som brukar Bibelen til å legitimere slavehaldet sitt. Benedict Cumberbatch, vår alles Sherlock Holmes på BBC, er mildare i slavedrivinga. Ein nyansert rolle, som likevel får fram det forferdelege i det å eige eit anna menneske.
Bestill abonnement her
KJØP