Apple seier nei til norsk teikneserie
Det norske selskapet Oxicomics fekk beskjed frå Apple om at teikneserien deira, Wakan Unwanted, vert nekta plass i Apples App Store fordi den er «ekstremt rasistisk».
Scanpix
– Ein representant for Apple ringte meg. Vedkomande brukte uttrykk som inappropriate (upassande) og extremely racist (ekstremt rasistisk), seier prosjektleiar Morten F. Thomsen i Oxicomics til ITavisen.
Prøver på nytt. Teikneserien handlar om Clarius Cole, som er den siste svarte mannen i USA etter at alle andre slavar er sendt tilbake til Afrika. Han må kjempe seg gjennom eit hav av kvit rasisme og brutal kriminalitet.
– Apple-representanten og eg vart einige om at eg skulle sende dei ei meir utfyllande forklaring på kva serien eigentleg handlar om. Eg kan jo forstå at dei reagerte i ein amerikansk kontekst. Her brukast både n-ordet og andre kraftuttrykk, og slikt er jo amerikanarane veldig såre på, seier Thomsen. Oxicomics håper no at Apple endrar meining og slepp dei til i App Store.
Bestill abonnement her
KJØP