Vi kan ikkje lenger vere tause og feige mot antisemittismen

Ein forfølgd minoritet blir uthengd, utestengd og truga i vårt samfunn. Vi i majoriteten er altfor feige i møte med norske jødars eksistensielle trugslar.

kk
UTESTENGD: Jødiske kvinner representerer den mest utsette minoriteten i Norge, ifølge PST. Dei vart fryst ut av ei politisk markering som skulle inkludere alle. Vi må ikkje undervurdere alvoret her, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Vi treng væpna politi for å beskytte norske jødar. Vi har ikkje tatt innover oss kva det faktisk betyr, fordi det er blitt så normalt. Derfor var det kanskje heller ikkje mange som lét heve eit augebryn då jødiske kvinner førre veke vart nekta plass i 8. mars-toget i Oslo.

Ikkje mange frå majoritetsbefolkninga har heller reagert på den særs problematiske offentlege debatten som har versert etterpå.

Openlys antisemittisme

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS