Vel dei kristne sofaen?
Kristne veljarar er like splitta som det amerikanske folket elles – men kjem dei til å gå til valurnene?
OMSLUTTA I BØN: Kristne leiarar har i fleire år slutta opp om Donald Trump, både i politikk og forkynning.
NTB
Ei av Donald Trump sine mest trofaste veljargrupper dei siste åra har vore dei evangelikale kristne. Denne gruppa, som utgjer mellom 80 og 100 millionar amerikanarar, er stort sett konservative kristne. Dei har dei siste førti-femti åra halde seg til det republikanske partiet, mellom anna på grunn av haldninga til abort og andre sosiale spørsmål.
Trump og dei evangelikale
I 2016 vart Donald Trump republikansk presidentkandidat i stor grad trass i dei evangelikale, men etter at han fekk nominasjonen innleidde han ein sjarmoffensiv mot kristne veljarar. Den lukkast, og sidan då har dei kvite evangelikale kristne vore sjølve ryggraden i Donald Trump sin koalisjon.