Talibans hovudpine

Det er absolutt ikkje sikkert at Taliban vil dra Afghanistan tilbake til middelalderen igjen.

MAKT: Taliban er usikre på korleis dei skal bruke makta dei vann mykje raskare enn dei hadde sett for seg, skriv kommentator Emil André Erstad.
MAKT: Taliban er usikre på korleis dei skal bruke makta dei vann mykje raskare enn dei hadde sett for seg, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Av alle som er sjokkert over den surrealistiske utviklinga i Afghanistan dei siste vekene og dagane, er kanskje Taliban aller mest sjokkert. Fleire gonger dei siste dagane har den ytterleggåande fundamentalistrørsla hevda at sigeren kom uventa raskt, og at dei vil trenge tid til å finne ut kva dei skal gjere. Det er grunn til å tru at desse utsegna er sanne.

Lar skjegget gro

Samstundes spreier Talibans maktovertaking frykt – både i det afghanske folket og det internasjonale samfunnet. Frå Kandahar kunne vi i The Economist lese om Abdul som eig fleire bøker, og korleis han no gøymde unna dei fleste titlane, i tilfelle Taliban kjem for å ransake huset hans. Uavhengig av om Taliban vil forby visse bøker – slik dei gjorde sist dei styrte, frå 1996 til 2001 – er Abdul redd for at skjebnen hans vil avhenge av sinnelaget til den enkelte Taliban-soldaten som kjem for å gjennomsøke huset hans.

Erfaringa frå førre gong Taliban styrte er at sentral Taliban-politikk kan vere ein ting, medan den enkelte Taliban-kommandanten likevel kan handle slik han meiner er rett. I Kabul byrja mange menn å la skjegget gro, plakatar og bilete av moderne kvinner vart mala over og salet av burkaer over heile Afghanistan skaut i vêret.

Journalistar og aktivistar forsvinn

Livet under Taliban på slutten av 90-talet var vilkårleg – ofte i spørsmålet om kven som fekk leve og kven som måtte dø. Til dømes ved steining eller ved eit skot i panna. Slik er det i eit regime der ingen ansvarlege vert stilt til ansvar for noko som helst.

Det er altså ingen grunn til å senke skuldrene og lene seg tilbake, for Taliban har neppe kjempa ein innbitt kamp mot den afghanske regjeringa for å innføre eit liberalt demokrati etter vestleg modell.

Emil André Erstad, kommentator

Vi har allereie høyrt om korleis Taliban har tilbudt amnesti til alle regjeringssoldatar som overgav seg, men samstundes meldingar om korleis Taliban likevel har avretta mange av regjeringssoldatane dei har fått hendene i. Det har òg kome meldingar om journalistar og aktivistar som rett og slett har forsvunne etter at Taliban har overtatt områda deira.

Eit politisk svart hol

Når vi snakkar om det som skjedde i Afghanistan førre veke, og som kulminerte med Kabuls fall på søndag, er det kanskje riktigare å snakke om ei militær overgiving frå den afghanske regjeringa, enn at Taliban vann ein blank siger.

Alle åra med forhandlingar mellom regjeringa og Taliban var forgjeves, for no sat plutseleg Taliban med alle korta likevel – og plutseleg sat ein gjeng skjeggkledde krigarar frå den afghanske landsbygda i presidentpalasset i Kabul. Ingen av dei har spesielt stor greie på korleis dei skal styre eit land.

Ikkje sikkert tussmørket kjem

Det er derfor umogleg å spå korleis Afghanistan skal bli styrt under Taliban. Aller mest fordi Taliban neppe veit det sjølv endå, og leiinga i gruppa strevar nok med å ha kontroll over eigne folk – noko spriket mellom offisielle uttalar og handlingar på bakken illustrerer. Internt i islamistrørsla er det store forskjellar i synet på styringa av Afghanistan. Det er ein stor kontrast mellom krigarane frå landsbygda som velta inn i Kabuls gater søndag, og dei høgtståande Taliban-representantane som sit trygt plassert i komfortable Doha i Qatar.

Ingen veit kva morgondagen faktisk vil bringe. Ikkje eingong Taliban.

Emil André Erstad, kommentator

Talibans dilemma er at leiarskapet ikkje ønsker å innføre eit like strengt og reaksjonært regime som sist, mellom anna av omsyn til støtte og bistand frå det internasjonale samfunnet, samstundes som mange av støttespelarane deira på den afghanske landsbygda vil kreve eit visst gjenkjenneleg Taliban-styre.

Afghanistan-ekspertar som Arne Strand ved CMI meiner det er grunn til å tru at Doha-delen av Taliban faktisk meiner at jenter og kvinner framleis skal kunne få utdanning og ha visse rettar. Slik vil kanskje ikkje Taliban-styret bety det tussmørket for Afghanistan som mange har frykta.

Var ille frå før

The Newyorker-kommentator Jon Lee Anderson, som har rapportert frå Afghanistan under den sovjetiske okkupasjonen, under Talibans styre og under den amerikanske invasjonen – argumenterer for at fakta på bakken og Talibans handlingar dei siste åra, viser at rørsla er stort sett lik den som vart styrta i 2001: Ei gruppe som ikkje tolererer opposisjon, som drep motstandarar over ein låg sko og som spreier frykt og fundamentalisme.

Det er altså ingen grunn til å senke skuldrene og lene seg tilbake, for Taliban har neppe kjempa ein innbitt kamp mot den afghanske regjeringa for å innføre eit liberalt demokrati etter vestleg modell. Samstundes har regjeringa sitt raske fall vist oss at den omfattande korrupsjonen og vanstyret denne regjeringa har stått for, ikkje har tent Afghanistan godt heller. Det er ikkje sikkert at Afghanistans styresett kunne bli så mykje verre enn det var.

Problemet til Taliban er dei må balansere omsynet til eigne krigarar frå dei pashtunske stammeområda som er av ei langt meir konservativ – eller reaksjonær – oppfatning i spørsmål om utdanning for jenter, kvinners rettar og demokrati. Mange av desse kjem frå rurale delar av Afghanistan der dei lokale skikkane framleis held middelalderske straffemetodar i hevd. Det er vel så mykje dei lokale miljøa som vil presse på for steining og halshogging, metodar som Taliban-representantane i Doha nok ikkje ivrar for å gjeninnføre.

Talibans makt

Talibans overtaking av makta i Afghanistan har kome så bardust på alle, inkludert Taliban, at det meste framleis er uklart – og sannsynlegvis vil vere det ei god stund framover. Dei aller fleste er framleis i sjokk, og vi som følger med må akseptere at vi berre må følge med på kva som skjer utan å vite kva veg det ber.

Talibans hovudpine er også det afghanske folkets angstfylte framtidsuro. Vi kan berre håpe på at Taliban velger den mest konstruktive vegen for Afghanistans framtid, men ingen veit kva morgondagen faktisk vil bringe. Ikkje eingong Taliban.