Streiken handlar ikkje om seigmenn, Stratos eller pils
Det er lett å la seg lure av kreftene i bakgrunnen av årets streik. Vi bør møte den heftige informasjonskrigen med eit skeptisk blikk.
KOMPLISERT: LO-leder Peggy Hessen Følsvik og NHOs administrerende direktør Ole Erik Almlid kjempar om å fortelle deg sanninga om streiken. Sannsynlegvis er den meir komplisert enn begge vil innrømme, skriv kommentator Emil André Erstad.
Terje Pedersen
Streik er alvor.
For alle som ikkje forstår det, var det berre å skru på NRKs nyheitsmorgon måndag morgon.
Statskanalen kunne melde at nasjonen måtte starte veka med mangel på essensielle varer i norske butikkhyller på grunn av streiken: Det var no mellom anna manko på seigmenn av typen Laban og sjokolade av typen Stratos.