Større inntrykk med mindre avtrykk

Sommaren står for døra og alle er vel unnt ein ferietur. I kva grad bør vi legge att det dårlege klimasamvitet heime?

l
FINNE TILBAKE: Kanskje er det noko av denne tilfredsheita eg er i ferd med å finne tilbake til som vaksen, når eg merkar at vi som familie ikkje er nøydde til å reise langt av stad for å ha ei fullgod ferieoppleving? Det skriv Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Sommarferien rykkar stadig nærmare og mange har lagt ferieplanane sine for lengst. Kanskje er det fleire enn meg som står i spennet mellom å prioritere kortreiste opplevingar og å unne seg ein etterlengta, postpandemisk ferietur til utlandet? Særleg det seinaste tiåret har mi eiga reiseplanlegging blitt annleis enn før, for ikkje å snakke om korleis reisevanane har endra seg sidan ungdommen. Der eg før kunne kaste meg på første fly til USA, Asia eller Sør-Amerika når sommarferien kom, må eg no innom ganske mange rundar med avveging, kvalar, rettferdiggjering og tvil før flybilletten er bestilt – eller ikkje bestilt.

Mykje av endringa har sjølvsagt med sivilstatus og familiesituasjon å gjere, men sidan starten av 2000-talet er det samtidig blitt eit heilt nytt medvit kring miljøspørsmål og korleis den utbreidde reisinga vår set avtrykk på kloden. I fjor sommar valde eg å ta med familien til Roma, mens eg samtidig gjorde research til eit pågåande bokprosjekt. Det blei den einaste flyturen vår i fjor, så det dårlege samvitet over å bidra til den globale klimakrisa blei halde nokolunde i sjakk. Ein utlandstur i året ligg godt innafor det berekraftige, har eg tenkt.

Samtidig vil eg nødig vere ein slik fyr som får andre til å skjemmast over å utvide horisonten ved besøk i andre land og verdsdelar. Å prale om eigne kvalar ved flybruk er såleis ei lite oppbyggeleg øving. Folk må få bestemme sjølve – og eg ønsker heller ikkje å bli arrestert dei få gongane eg går mot flygaten. Må eg reise, så reiser eg. Og vil eg reise, så reiser eg nok då også.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS