Støres forsøk på Trump-kviskring
Det mest interessante med statsministerens tryggingspolitiske tale til Stortinget, var alt han elegant og strategisk lét vere å nemne.
TRYGGLEIK: Det er jobben til ein statsminister å av og til seie ting han ikkje meiner inst i hjartet. Av og til må ein norsk statsminister seie ting som er strategisk rett, men som er analytisk feil, skriv kommentator Emil André Erstad om Jonas Gahr Støres tryggleikspolitiske redegjørelse i Stortinget torsdag.
Ole Berg-Rusten
Det var ein alvorleg statsminister som torsdag føremiddag stod på talarstolen i Stortinget, og gjorde greie for den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen. Det gjorde Jonas Gahr Støre på klassisk nøkternt vis, utan fakter og dramatikk. I staden for å bidra til ei panikkjensle blant stortingsrepresentantane, mana Støre dei til ro. Nato-alliansen ligg fast, sa han. Det same gjer visst også artikkel 5.
Trudde han på det han sjølv sa? Det er ikkje sikkert, og eigentleg av mindre betydning. Det er jobben til ein statsminister å av og til seie ting han ikkje meiner inst i hjartet. Av og til må ein norsk statsminister seie ting som er strategisk rett, men som er analytisk feil. Det er berre å sjå på alle utsegna Støre har hatt om norsk EU-medlemskap.
Sjølvmotseiingar i Støres manus