Støre splittar, herskar og samlar
Det har skjedd eit taktskifte hos statsminister Jonas Gahr Støre. Han har gått frå å leie ei pressa mindretalsregjering til å køyre strategisk slalåm i Stortinget.
BREITT: Støres regjering sårt andre støttespelarar i Stortinget enn berre SV, skriv kommentator Emil André Erstad.
Terje Pedersen
Sjølv om Arbeidarpartiets gjennomsnitt på meiningsmålingane foreløpig er lågare for juni enn for mai, er det mange gode grunnar til å sei at mai månad vart eit strategisk vendepunkt i rett retning for statsminister Jonas Gahr Støre.
Først var det landsmøte, der Støre klarte meisterstykket å samle partiet om politikken og lagoppsettinga, samstundes som han viste at Trond Giske betre kan skildrast som ein overvurdert gallionsfigur enn som folkets opprørar.
Styrer landet med nye vener