Støre-kritikarane ser ut til å følge gamal kuppoppskrift
Tonje Brenna kan ikkje få rolla som Støres bøddel. Strategien til kuppmakarane ser ut til å vere ei langvarig svekking av partileiaren for å skape press for eit skifte.
PLAN: Mykje tyder på at Tonje Brenna ikkje vil annonsere seg offentleg som kandidat til partileiarvervet før Jonas Gahr Støre trekk seg sjølv. Jobben med å presse Støre blir dermed opp til partidemokratiet, skriv kommentator Emil André Erstad.
Terje Bendiksby
«Det er ikkje ei aktuell problemstilling», gjentok Ap-nestleiar Tonje Brenna til oss i pressekorpset i Stortingets vandrehall tysdag morgon. Ho fekk hundrevis av spørsmål om ho var aktuell som partileiar, om ho kom til å stille opp mot Støre og om ho kunne tenke seg å bli statsminister.
Nestleiaren hadde altså venta over eit halvt døgn med å punktere den drepande kritikken av partileiaren. Då ho først opna munnen, fanst ingen vilkårslaus støtte til Støre. Det som ikkje er ei aktuell problemstilling i dag, kan fort bli det i morgon eller neste veke eller neste månad. Brenna heldt med runde formuleringar døra på gløtt for at ho på eit gitt tidspunkt kan erstatte Støre. Dei mange anonyme kjeldene meiner tidspunktet kan kome snart.
Peikar på partidemokratiet