Stenseng skal ha prøvd å realitetsorientere Støre
Jonas Gahr Støre har fått beskjed av fleire tett på seg om å bruke jula til å tenke seg om. Han kjem nok også til å tenke litt på forholdet til den avtroppande partisekretæren.
TENKEPAUSE: Kjelder tett på partileiinga i Ap fortel at Stenseng skal ha vore ein av fleire sentrale Ap-folk som i det siste har prøvd å realitetsorientere Jonas Gahr Støre om kva støtte han eigentleg har rundt omkring i partiorganisasjonen, skriv kommentator Emil André Erstad.
Terje Bendiksby
Kjersti Stenseng hadde visst i lengre tid at ho ville gje seg som partisekretær i Arbeidarpartiet, men valde å annonsere det søndag kveld, i eit intervju med NRK.
Det skjedde etter fleire veker med turbulens rundt partileiar Jonas Gahr Støre. Det skjedde på starten av veka der statsministeren skal halde sin oppsummerande pressekonferanse.
Det var nesten umogleg å ikkje lese det Stenseng sa inn i diskusjonen om Støres framtid.