Solbergs uverdige løysing heng ikkje på greip
Skal vi tru Erna Solberg og Høgre er det ingen som kan stole på Sindre Finnes. Likevel meiner dei at det ikkje er nokon grunn til bekymring for at han skal tilbake i statsministerbustaden.
PARODI: Solberg-saka er i ferd med å ta nesten parodiske former, og har så mange usvara spørsmål at det er vanskeleg å sjå korleis saka ikkje skal ramme Høgre som parti dersom den held fram med å dra ut, skriv kommentator Emil André Erstad.
Rodrigo Freitas
Erna Solbergs intervjumaraton førre veke imponerte mange. Ho vart skildra som sterk og verdig, sjølv i ein så vanskeleg situasjon. Eg var til stades under eit av intervjua og vart slått av Solbergs ro.
Dei heiderlege omtalane kom trass i at vi strengt tatt berre sit igjen med at Erna Solberg og Høgre seier vi ikkje kan stole på Sindre Finnes. Likevel ville dei ha oss til å tru at det ikkje er nokon grunn til bekymring for at Finnes kanskje skal bu i statsministerbustaden igjen frå 2025. Karakterdrapet på Sindre Finnes gjort av Høgre er ei sak for seg sjølv, og sannsynlegvis noko som vil verte diskutert i etisk lys ei stund framover.
Problema oppstår dersom vi skal tru på karakterdrapet og den enorme mistilliten Solberg og Høgre gir uttrykk for overfor denne mannen.