Slik var spelet i kulissene mellom Støre og samane
Det sat langt inne for regjeringa å innrømme at den hadde krenka rettane til samane på Fosen. Likevel kom Jonas Gahr Støre fram til at det var det einaste som kunne løyse situasjonen. Det kom med ein enorm politisk kostnad.
IVER: På Statsministerens kontor var det ei oppfatning at Olje- og energidepartementet i si over 500 dagar lange handtering etter Høgsterettsdommen hadde lagt for sterk vekt på iveren etter å byggje ut kraft. Det var også forståeleg, sidan det var kjerneoppgåvene til embetsverket i OED å få opp forsyningstryggleiken for energi, skriv kommentator Emil André Erstad om Fosen-saka.
Erlend Berge
500 dagar etter Høgsterettsdommen om Fosen-saka: Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) nekta å kalle situasjonen på Fosen eit pågåande menneskerettsbrot. Han nekta også å be om orsaking til samane. Tvert om var Aasland offensiv på talepunkta han fekk i Olje- og energidepartementet (OED) om at målet var å halde fram med vindkraft på Fosen. Det skjedde trass i Høgsterett sin konklusjon om at turbinane krenka samiske rettar.
Ikkje vakker grafikk for Støre
Situasjonen var bokstaveleg tala heilt fastlåst, der samiske demonstrantar og unge naturvernarar sat lenka fast utanfor fleire av dei viktige departementa i Regjeringskvartalet. Byråkratar i departementa fekk ikkje gjort jobben sin. Bileta av demonstrantane som vart tatt med makt av politiet, gjekk verda rundt takka vere draghjelp frå aktivisten Greta Thunberg. I over ei veke sat demonstrantane lenka framfor fleire av dei viktige departementa i regjeringskvartalet.