Skal menneska velsigne Gud?

Retninga for Guds nåde risikerer å bli snudd på hovudet når Bibel 2024 lar menneska velsigne Gud. Det er Gud som velsignar oss, ikkje omvendt.

BIBELOMSETTING: Bibelselskapet har i den nye revisjonen gått bort frå å differensiere mellom «velsigne» og «lovprise», som er to valørar av det same ordet, skriv Alf Kjetil Walgermo.
BIBELOMSETTING: Bibelselskapet har i den nye bibelrevisjonen, Bibel 2024, gått bort frå å differensiere mellom «velsigne» og «lovprise», som er to valørar av det same ordet, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Språkleg sett er ordet «velsigning» ei samansett sak. I norsk språkbruk blir ordet brukt i ei lang rekke samanhengar, frå fromme bøner til milde kraftuttrykk. I religiøs samanheng er velsigninga knytt til Guds løfter for menneska. Når Gud «talar vel» om oss, som ordet velsigning eigentleg betyr, har vi ein løfterik bagasje med oss vidare på livsferda.

I Bibelen finn vi både hebraiske og greske uttrykk som uttrykkjer velsigning. Det hebraiske ordet «barukh» kan settast i samanheng med ordet for «kne» – «berekh» – som kan gi oss visse hint om mennesket i møte med velsigninga: Det er ikkje Gud som står på kne og velsignar oss, men vi som tek imot velsigninga i kneståande takksemd og tilbeding. For mange protestantar, bortsett frå ved altarringen, er kneståinga rett nok først og fremst i metaforisk forstand.

Nyansen er borte

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS