Putins kristne fascist
Vladimir Putins Russland har omskrive si eiga historie med hjelp av lik som er henta heim.
ÆRESVAKT: Soldatar står æresvakt ved levningane etter general Anton Dinikin, filosofen Ivan Iljin og konene deira på flyplassen i Moskva 2. oktober 2005. Dagen etter fekk dei nye gravferder i Donskoj-klosteret.
SERGEI CHIRIKOV / EPA / NTB
Då dottera til den ultranasjonalistiske filosofen Alexander Dugin blei drepen av ei bilbombe i august, blei Dugin framstilt som «åndeleg guide» for Putins invasjon i Ukraina. Langt viktigare for Putin er nok ein avdød russisk filosof: Ivan Iljin.
Putin hadde sist veke ikkje tid til å gå i gravferda til Mikhail Gorbatsjov. Hausten 2005 hadde Putin meir enn god nok tid til å syta for at levningane etter Iljin vart henta heim. Iljin som vart utvist i 1922 og døydde i Sveits i 1954, fekk ny gravferd i Moskva. Iljin er filosofen som Putin verkeleg har brukt for å rettferdiggjera krigen i Ukraina og gje Russland overjordisk legitimitet.
Forsvarte vald