Putin speler som Fyrsten

Vladimir Putins maktspel i Ukraina er så effektivt at vi bør mistenke han for å ha lest Machiavelli særs grundig.

STRATEG: Putins trekk aust i Ukraina kan skaffe han popularitet blant russarar, og er som tatt ut av Machiavelli si kyniske maktspelbok, skriv kommentator Emil André Erstad.
STRATEG: Putins trekk aust i Ukraina kan skaffe han popularitet blant russarar, og er som tatt ut av Machiavelli si kyniske maktspelbok, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Alle som har studert statsvitskap eller internasjonale studiar, har kjennskap til italienaren Niccolò Machiavelli. Han som skreiv den legendariske boka Fyrsten i 1513. Machiavelli kjem i boka med råd til den som skal bygge opp, bevare og styrke ein stat – og kva som kan føre til ein stats fall. Råda er skrivne til fyrsten Lorenzo de’ Medici, i eit Italia som endå ikkje var samla.

Putins trekk, gjennom heile hans karriere, liknar på utdrag frå boka til Machiavelli. Til liks med Putin var ikkje Machiavelli nokon demokrat eller moralsk ideolog. Alt handla om makt.

Fiksjon meir enn fakta

Fyrsten skal ikkje ha moralske skruplar, og kan gjerne bruke både løgn og bedrag, viss det vil betre kontrollen med staten. Til dømes er Putins løgner om Ukraina dei siste vekene, og spesielt dei siste dagane, nesten endelause. Det ser nesten ut som han berre har tatt eit val om å ikkje halde seg til røynda. Talen der Putin anerkjenner dei to separatistområda i Aust-Ukraina, er nesten like mykje fiksjon som fakta.

«Erobringstrang er bare naturlig og svært utbredt, og alltid når menneskene erobrer det de kan, vil de lovprises og ikke klandres for dette», skriv Machiavelli i Fyrsten. Vi kan jo godt sei at denne «naturlege erobringstrangen» har blitt mindre sidan 1500-talets Italia. Likevel er Putins karriere full av døme på erobringstrong. Vi har sett det spesielt tydeleg i Ukraina og Georgia.

Vesten utmanøvrert

Men er det meir enn lysten på landnåm? Akkurat slik Machiavelli var klar over det, er Putin heilt innforstått med dei positive effektane av eigen militære strategi. «Alltid når menneskene erobrer det de kan, vil de lovprises», skreiv Machiavelli. Den handlar ikkje så mykje om russisktalande folk i Luhansk og Donetsk, som det handlar om Putin sjølv og hans makt.

Maktspelet Russlands president har køyrt om Ukraina, er så machiavellisk som ein får det. Han ser ut til å få det som han vil, og motparten er utmanøvrert.

Putin kan halde det gåande lenge, men ein dag er det slutt på spelet. Kanskje før Vladimir Vladimirovitsj Putin sjølv anar.

Emil André Erstad, kommentator

Alle må vite at Vladimir Putin sit på toppen av eit gjennomkorrupt kleptokrati. Som om den russiske staten var hans eiga lommebok. Han har derfor inga interesse av å gje makta – og dermed pengane – over til nokon andre. Putin eig Russland. Han nyttar militære eskapadar, som i Georgia i 2008 eller på Krym i 2014, til å skape støy for å unngå kritikk på heimebane i Moskva.

Risikosøkande Putin

I Russland finst framleis ein slagkraftig, men forfølgd opposisjon. Viss oppskrifta frå Krym i 2014 skal bli brukt i Luhansk og Donetsk, er det berre å vente på at Russland vel å annektere områda som ein del av Russland. Det kan skje heilt utan at nokon losnar eit skot. I så fall har Putin slått mange fluger i ein smekk: nye område underlagt den russiske føderasjonen, popularitet for å forsvare dei russisktalande i Aust-Ukraina og eit effektivt røykteppe over den heimlege opposisjonen.

Putins strategi er farleg – for oss og for han. Niccolò Machiavelli var diplomat, politikar og statskanslar i fødebyen Firenze. I 1527 var det slutt, då han vart pressa ut av stillinga og døydde i fattigdom. Putin kan halde det gåande lenge, men ein dag er det slutt på spelet.

Kanskje før Vladimir Vladimirovitsj Putin sjølv anar.

Powered by Labrador CMS