Populismens pris

Ein del av Trygve Slagsvold Vedums arv er at han forvandla maktpartiet sitt til eit markeringsparti. Han fall for eige grep.

kk
GAMLEØRN: Den smilande Vedum kunne paradere inn til valsiger i 2021 med stort glis og rullande lattersalvar. Litt av grunnen til det var at han fekk det akkurat som han ville. Det er vanskeleg å sjå kva han vil i 2025, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Før jul snakka eg med kjelder i Senterpartiet som hadde strategiar klare for korleis partiet skulle handtere ein eventuell Støre-exit. Lite visste desse kjeldene at dei sjølv skulle kjenne seg pressa ut av regjering før januar av omme.

Sanninga er at dei pressa seg sjølv ut. Senterpartiet sit att med same svarte-per på handa, som KrF gjorde etter sitt Tønsberg-vedtak om abort i 1981: Eit parti som teiknar raude grenser i sanda mellom seg og makta. Slagordet til Senterpartiet er «nær folk». Dei kan etter denne veka legge til «fjernt frå makt».

Den eigentlege grunnen til at det skjedde, er å finne lenger bak i Trygve Slagsvold Vedums leiarskap.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS