Politisk journalistikk er ikkje i krise

Bråket rundt boka «Partiet» har synleggjort kva som er styrken til journalistisk handverk. Når det blir brukt.

JOURNALISTIKK: Boka «Partiet» har skadd omdømet til norsk politisk journalistikk på kort sikt. Men bråket viser også at handverket er solid, skriver Lars Inge Staveland.
Publisert Sist oppdatert

Dei siste vekene har politikarar og kommentatorar stått i kø for å slakte boka Partiet skriver av Dagbladet-journalistane Steinar Suvatne og Jørgen Gilbrant. Elendig faktasjekk, eit ubalansert kjeldeutval og manglande tilsvar, er omkvedet.

Bakgrunnen for striden er fleire faktafeil, og dessutan at kjeldene ikkje har blitt kontakta før publisering. Det er lett å seie seg einig i det meste av kritikken.

Det gjer inntrykk når enka etter avdøde Hans Kristian Amundsen går ut i Aftenposten mot klare faktafeil og fortel at ho aldri vart kontakta før publisering. Amundsen var sekretariatsleiar på Stortinget under den opprivande metoo-saka. I boka heiter det at Amundsen skulle ha justert og tilpassa varslene mot Giske på ein slik måte at dei skulle ramme nestleiaren. Påstandane vert sterkt avvist av enka.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP