Politikken skal vere nådelaus
Senterpartiets Sandra Borch kunne ikkje forvente nåde då ho vart avslørt som juksar. Ho hadde alle moglegheiter til å vere ærleg på eit tidlegare tidspunkt. Politikken skal ikkje ha rom for slike tillitsbrot.
NÅDELAUST: Som statsråd kan du ikkje opptre nådelaus overfor personar på fagfeltet ditt, og deretter forvente nåde for det same sjølv. Det visste Sandra Borch då ho entra talarstolen på pressekonferansen fredag kveld, skriv kommentator Emil André Erstad.
Rodrigo Freitas
Fredag var ein mørk kveld for Sandra Borch, Senterpartiet og Jonas Gahr Støres skandaleforfølgde regjering. Borch vart den sjette statsråden som måtte gå av etter ei skandale, sidan Støre-regjeringa kom til makt i 2021. Skandalenivået får oss nesten til å gløyme Frps gjennomtrekk på justisministerkontoret i førre regjering.
Det er mykje som tyder på at skandalene i Støre-regjeringa rammar Arbeidarpartiet og Senterpartiet hardare enn Erna Solberg og Frp vart ramma den gongen.
Meir skikkelege enn oss andre