Parti til sals. Meld interesse

Med Kjell Ingolf Ropstad og Dag Inge Ulstein ute av manesjen er Olaug Bollestads KrF i ferd med å forsvinne. For yngre krefter er det berre å plukke opp att restene.

kk
EXIT: For partileiar Olaug Bollestad er nestleiarens avgang dårleg nytt. Der det allereie var i ferd med å skje ei full utskifting på mange av stortingslistene med nye listetoppar med ei ny KrF-linje, var Dag Inge Ulstein frå Hordaland eit av Bollestads lojale og sikre kort på Stortinget, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Måndag ettermiddag kom den sjokkerande beskjeden om at KrF-profilen Dag Inge Ulstein ikkje ville ta attval til Stortinget. I og rundt partiet var det mange som rekna det som sikkert at Hordaland-representanten ville ta minst éin ny periode.

Uerfaren i lang tid

Det vart nesten oppfatta litt rart av ein sittande nestleiar å vurdere å ikkje ta attval. Som ein av tre stortingsrepresentantar vart han rekna som kritisk i jobben med å få partiet over sperregrensa i 2025. Det er ikkje flust av ressursar i KrF.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS