På spasertur i kulturkrigen
Medan nokre fryktar konservativ kristendom frå USA, er andre meir uroa for den utsvevande sexkulturen. Eg er mest uroleg for at vi snakkar forbi kvarandre.
Timinga for rettssaka mellom Amber Heard og Johnny Depp må ha vore perfekt. Sidan metoo i 2017 har vi sett den eine mannen etter den andre bli skulda for overgrep, og dei framstod som alt anna enn heltar. Så kom ein rufsete skodespelar og snudde det heile på hovudet, skriv David Sviland.
Steve Helber / AP / NTB
I laurdagsavisa 3. september argumenterer Berit Aalborg for at fleire konservative kristne i Norge lar seg inspirere av amerikansk og nykonservativ tidsånd. Aalborg skisserer eit dystert bilete av våpenglade kristne amerikanarar med eit utdatert kvinnesyn og ein kultur prega av militarisme. Vidare peiker ho på to tema som nyleg har skapt mykje debatt i Kristen-Norge: Unge prestar som nektar å samarbeide med kvinnelege kollegaer og underordningsdebatten. Dette ser ho i samanheng med politikken til Donald Trump og tankegangen til den ekstremt kontroversielle internettkjendisen Andrew Tate.
Seksuell kontrarevolusjon
Aalborg konkluderer med at «flere kristne miljøer kaster på båten det progressive og nytenkende tankegodset som preget den norske lekmannsbevegelsen», og lar seg «heller påvirke av en nyere amerikansk tidsånd».