Ordførarkandidaten som kan redde KrF
Nedskjeringar, kutt og eit parti som stadig vakar under sperregrensa. Likevel stiller Astrid Aarhus Byrknes (KrF) endå ein gong som ordførarkandidat. Ho er ei av dei som må lukkast, viss KrF skal overleve i distrikts-Norge.
Astrid Aarhus Byrknes er eit av Olaug Bollestads største håp.
Erlend Berge
Ho har allereie hatt 12 år som ordførar for KrF. Den siste perioden frå 2019 til i dag har ho «berre» vore vanleg medlem av formannskapet i den nye kommunen ho var med på å lage, Alver kommune rett nord for Bergen.
No vil ho bli ordførar igjen. Kanskje kan det vere med på redde partiet ho er så glad i.
Ordførarkorpset viktig for KrFs oppslutning nasjonalt