Nullpunktet
Putin kan allereie ha vunne krigen i Ukraina, utan at vi heilt har forstått konsekvensane av det.
RUINAR: Det er umogleg å lese Harald Jähners bok «Etterpå» om Tyskland etter Andre verdskrigen utan å tenke på dei russiske bombene, dronene og flya akkurat no som lagar ruinhaugar i ukrainske byar, skriv kommentator Emil André Erstad.
Efrem Lukatsky
Sjå for deg alt som føregjekk i dei utbomba ruinene i Berlin og andre tyske byar, i dei grå og mørke maidagane i 1945 der det ikkje lenger var noko verdskrig og heller ingen fred. Få visste om det heile var heilt over, og endå færre visste kva som venta. Mange av tyskarane i ruinene hata sitt eige hjarte fordi det ikkje slutta å slå.
Sovjetiske og allierte soldatar som stykka opp det som var att, som om det tyske riket var ei kake alle kunne forsyne seg av. Det som hadde vore rett for menneska i ruinane, var no galt. Det som hadde vore galt, var no rett. For dei som levde der i historiens skuggeland, var alt likevel uklart. Dei kunne ikkje lese den tydelege og forenkla skrifta vi seinare kunne lese – historien skrive av sigerherrane.
Like fascinerande som deprimerande