Moralsk metamorfose
Eit samfunn kan spele moralsk fallitt i tru på at målet helgar middelet.
AKTUELT TEATER: Presten (Øystein Røger) blir ein del av kollektivet som ønsker å ta livet av Alfred (Ola G. Furuseth) for å sikre velferd og økonomisk vekst. Skodespelet Besøk av gammel dame peikar mot fleire aktuelle kjernepunkt i samtida, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Erika Hebbert
Her om dagen fekk eg besøk av ei gammal dame som snudde opp-ned på livet mitt. Det vil seie, det var meir som at ho vrengte det frå innsida og ut. Gamle damer skal ein lytte til, så mykje har livet lært meg. Og denne gamle dama hadde ein bodskap som var verdt ta på alvor. Ho lova bort økonomisk vekst og utvikling i bytte for ein liten detalj: rettferd.
Rettferd, tenker du kanskje, er det berre det? Sjølvsagt er vi for rettferd! Heilt frå vi er små barn er rettferd mellom dei sterkaste verdiane vi kjenner til. Like mange bitar i godteskåla. Like høgt på glaset med saft. Like store porsjonar med Honni Korn.
Men rettferd er ikkje alltid ei enkel sak, verken for enkeltpersonar, lokalsamfunn eller regjeringar. I jakta på å rette opp att gammal urettferd kan vi fort komme til å gjere ny urett.