Milevis mellom ord og handling om Ukraina
I den eine augneblinken snakkar dei som om det er vår sivilisasjon som står på spel. I den neste lar dei dagleglivet gå sin gang i Stortinget. Den politiske dobbelkommunikasjonen om Ukraina må ta slutt.
KRISE: Støre har nok på klassisk vis rett, sakleg sett. Spørsmålet er om det er effektiv krisekommunikasjon i ei tid der krig trugar fleire land i Europa, skriv kommentator Emil André Erstad.
Cornelius Poppe
Ukrainas framtid er Europas framtid, sa Erna Solberg tidlegare denne månaden. Jonas Gahr Støre sa i Kyiv denne veka at «dette er ikke tiden for å sette oss tilbake og se hvordan det går. Ukraina trenger støtte nå».
Det er berre eit lite utval av dei store orda begge har brukt om krigen i Ukraina dei tre siste åra. Står dei i stil til kva Norge bidrar med for å redde sivilisasjon, framtid og demokrati i Ukraina?
Sjå oss sjølv i augo